Posts Tagged ‘Snikislamisering’

FRP – ein trussel mot demokratiet?

Posted in Norsk politikk, Politikk on februar 26th, 2009 by Bjørnar – 31 Comments

Vi kan vel alle være einige om at demokratiet er ein fin ting. Demokrati er den einaste politiske styrforma der makthavarane står direkte ansvarleg ovanfor folket, og folket har mulighet til å øve dirkete innflytelse på kven som sit med makta, gjennom frie, hemmelige valg. Men det er då på ingen måte slik at demokratiet er eit perfekt system som opprettheld seg sjølv. Demokratiet set krav til ein informert og kritisk velgarmasse, og ikkje minst set det krav til dei politiske partia som kjemper om velgarane sine stemmer. Det er derfor svært synd når enkelte parti stadig vekk fell til nye lavmål når det gjeld å tiltrekke seg velgarar. read more »