Posts Tagged ‘Mimring’

Vi mimrer: Basic Element

Posted in Film og musikk, Kultur on april 22nd, 2009 by Bjørnar – 1 Comment

Det er i grunn litt rart at musikk frå nittitalet ikkje har fått same ikoniske (eller skal vi seie ironisk ikonisk) status som åttitalsmusikken. Det er då vel så mykje gull å hente frå eurodancens storhetstid. Denne gongen skal vi ta eit nærare falkeblikk på ein av Sverige sine bidragsytarar til denne himelske sjangeren: Basic Element. read more »

Vi mimrer: Scatman John

Posted in Film og musikk, Kultur on april 21st, 2009 by Bjørnar – Be the first to comment

Ja, Scatman John, ein av dei ytterst få artistane med bart som har toppa VG-lista. Han fortjener ein stor diger kjempehaug med respekt berre av den grunn. Men ikkje berre derfor. Historia om Scatman John er historia om mannen som gjorde sitt største handicap til sin største styrke. Det er blitt laga store filmer om slikt. Eller, det har blitt laga mange filmar som har blitt vist på onsdagskveldane på TVNorge om slikt. Anyhows, her får du historia om Scatman John! read more »

Vi mimrer: Rednex

Posted in Film og musikk, Kultur on april 19th, 2009 by Bjørnar – 2 Comments

I våre serie om musikalsk gull frå nittitalet, der vi tidlegare har sett på klassikarane Captain Jack og Coco Jambo, tar vi no turen frå Tyskland til Sverige. For Sverige var sjølvsagt store på nittitalets musikkmarked. Og det var få som var større enn Rednex. Å kombinere country og eurodance, det måtte jo bli ein suksess? read more »

Vi mimrer: Coco Jambo!

Posted in Film og musikk, Internasjonal politikk, Kultur, Sport on mars 2nd, 2009 by Bjørnar – 1 Comment

Ah, nittitalet! Det var tider det. Ikkje minst musikalsk. Og populærmusikkens Mekka på denne tida, det var Tyskland. For dette var eurodancens tidsalder. Den eine storhiten etter den andre sprang ut frå platestudioane i den nyleg gjennforente forbundsrepublikken, og sjefane telte pengar og lo godt av publikums si manglande dømmekraft når det kom til innkjøp av musikk. Det var jo før nedlasting og fildeling blei den nye vinen. Og av alle denne populærmusikken som kom frå Tyskland på det glade nittital var det nok ingen sang som kom i nærheten av Coco Jambo!
read more »

Vi mimrer: Captain Jack

Posted in Film og musikk, Kultur on februar 22nd, 2009 by Bjørnar – 2 Comments

jack1

Husker du nittitalet? Ein av dei store på nittitalet var Captain Jack. Men kvar kom han frå? Kor dro han hen? Alle som husker Absolute Music 17 husker Captain Jack sin store hit med same navn som bandet. Men det blei med denne hit’en. Kva skjedde? Følg med når vi her avdekker sannheten om Captain Jack. read more »

Scooter – venn eller fiende?

Posted in Film og musikk, Kultur on februar 15th, 2009 by Bjørnar – Be the first to comment

180px-scooter_in_1999

Kva skal vi egentlig seie om Scooter? Om H.P. Baxxter, som han kallar seg, mannen som virkar å være hovedpersonen bak dette spetakkelet, mannen som ser ut som alle klisjear det er mulig å ha om tyskarar etter å ha blitt indoktrinert av amerikanske WWII-filmar. Mannen som hyler ut lyriske gullkorn som How Much Is the Fish, tonesatt av dunk-dunk-technotrance frå helvete. Ja, kva skal vi egentlig seie om Scooter? read more »