Posts Tagged ‘Drillo’

Vi mimrer: Norge – Mexico

Posted in Kultur, Sport on juni 19th, 2009 by Bjørnar – 1 Comment

Nittitalet var tider det. Musikken var betre, fjernsynsprogramma fiffare og Norge var gode i fotball. I dag er det på dagen femten år sidan vår først kamp i USA-VM, ein kamp vi vann 1-0. La oss derfor gjennoppleve ein beherska Kjetil Rekdal, ein overstadig begeistra Arne Scheie og ikkje minst Jorge Campos med tidenes keeperdrakt.

Dagens is: Comeback

Posted in Anmeldelser, Ymse on mai 25th, 2009 by Bjørnar – Be the first to comment

Det er sol, det dra seg mot sumar og det er tilnærma varmt ute. Det er med andre ord på tide med ein is. Men kva is skal ein velge? Isdiskane virka å være større enn nokosinne, og utvalet likeså. Det er derfor berre ein ting den isglade kan gjere: Bruke sommaren til å jobbe seg gjennom all isen som er å finne. Og ein kan likegodt starte her og no, med ein gammale kjenning i ny innpakking, den gamle Drillo-isen Comeback. read more »

Å blø for drakta

Posted in Sport on april 2nd, 2009 by Bjørnar – Be the first to comment

Egil Olsen sin første heimekamp i Drillo sin andre periode som landslagssjef enda som dei fleste sikkert har fått med seg med at Norge slo Finland 3-2. Men, som Drillo sjølv seier, resultatet var betre enn prestasjonen. Vi fekk sjå ein heller middelmådig fotballkamp mellom to jevne lag, der finnane spelte seg til flest og størst sjanser. Men det som fekk mest oppmerksomhet etter kampen var måten Morten Gamst Pedersen reagerte etter å ha scora det avgjerande målet på overtid. read more »

Er det ikkje på tide vi får ny landslagssjef snart?

Posted in Kultur, Sport on januar 8th, 2009 by Bjørnar – 3 Comments

Landslagssjef i fotball, naturlegvis. No er det jo begynt å bli ei stund sia Åge Hareide trakk seg. Om litt over ein månad er det tid for det tid for årets første landskamp. Borte mot Tyskland. Med tanke på dei resultata det norske landslaget har vist i kampar på denne tida av året er det grunn til å være skeptisk. I slutten av mars i fjor fekk vi grisebank av Montenegro. Tysklandskampen kjem endå tidlegare på året. Nordmenn utan kamptreninig mot Ballack, Klose, Schweinsteiger, Gomez og alt mulig. Herregud så rævkjørt vi kjem til å bli. Men vi må då uansett ha ein landslagsjef. read more »