Korleis ender VM?

I morgon er det fredag. Og då er det ikkje berre helg, det er også Fotball-VM. Startsskotet for ein månad til ende med ball på skjermen, direkte frå Sør-Afrika. Vi skal la oss blende av strålande ballspel og irriterast over vuvuzelahelvetet på tribuna. Men om ein ikkje har tolmod til alt dette kan du allreie no lese her korlesi VM endar.

Gruppe A

Denne gongen kjem arrangørlandet til å ryke ut i gruppespelet. La oss berre håpe at opprørspolitiet der nede klare å handtere hordane av skuffa sørafrikanarar når dette skjer. For det kjem til å skje. Frankrike vinn gruppa, utan å imponere, då imponere er eit ord som landslagssjef Domenech ikkje veit kva betyr, og Mexico stikk av med andreplassen framfor nasa til Uruguay.

1. Frankrike
2. Mexico
3. Uruguay
4. Sør-Afrika

Gruppe B

Argentina vinn denne gruppa, og det klart. Såpass klart at Maradona trur han allreie har vunne VM, og då blir det trøbbel i neste runde. Sør-Korea tar andreplassen, og sjølv ikkje med svensk trenar blir det noko å juble for for Nigeria, som ikkje går vidare. Hellas blir heilt sist, reiser heim i skam og ingen kjem til å sakne dei.

1. Argentina
2. Sør-Korea
3. Nigeria
4. Hellas

Gruppe C

England vidare utan problem, og får med seg Slovenia som vinn nøkkrlkampen mot USA. Algerie reiser heim til kamelane sine for å finne trøst der etter å ha enda sist med null poeng.

1. England
2. Slovenia
3. USA
4. Algerie

Gruppe D

Tyskland skal være best her, trass i skadar på nøkkelspelarar i nesten alle lagdelar. Mykje ungt og spennade i dette laget, og det held til gruppeseier, vidare saman med Serbia. Ingen afrikansk suksess her heller, Ghana og Australia ryk ut.

1. Tyskland
2. Serbia
3. Ghana
4. Australia

Gruppe E

Nederland ser sterke ut i år, og cruiser glatt gjennom denne gruppa, saman med Kamerun, som nok er det sterkaste afrikanske laget i år. Japan kjem ikkje vidare, og heilt sist ender Danmark. LOL@Danmark!! Usymaptiske møkkaland (I ein fotballkontekst, sjølvsagt)

1. Nederland
2. Kamerun
3. Japan
4. Danmark

Gruppe F

Dei regjerande mestrane vidare, framfor Paraguay, som og ser sterke ut. Slovakia ryk ut i gruppespelet, men dei slår då i det minste løkrulllaget New Zealand.

1. Italia
2. Paraguay
3. Slovakia
4. New Zealand

Gruppe G

I år er det dette som blir kalla dødens gruppe. Tja, det er vel å ta litt i. Brasil er i særklasse, Portugal er gode og Elfenbenskysten er oppskrytt, og når i tillegg Drogba ikkje kan komme ut å leike fordi han har brote albogen eller kva det no var, så held det iallefall ikkje. Nord-Korea får juling og blir sendt rett i straffearbeid når dei kjem heim.

1. Brasil
2. Portugal
3. Elfenbenskysten
4. Nord-Korea

Gruppe H

Det er eigentleg berre ein ting som er spennande her: Kven blir nummer 2? For Spania vinn og Honduras blir sist. Eg trur på Sveits. Chile er gode, sikkert betre enn alpejodlarane spelar for spelar, men eg trur likevel Sveits går vidare.

1. Spania
2. Sveits
3. Chile
4. Honduras

Dette gjer oss følgane åttendedelsfinalar:

Frankrike – Sør-Korea

Frankrike vidare. Utan å imponere, men froskeskjendarane har flaks og vinn kampen.

England – Serbia

England vidare. Fordi dei rett og slett er eit litt betre lag.

Nederland – Paraguay

Nederland vidare. Nederland har alt som skal til for å gjere det überbra i årets VM, og det har ikkje Paraguay i like stor grad.

Brasil – Sveits

Brasil vidare. Fordi dei er mykje betre enn Sveits.

Argentina – Mexico

Mexico vidare. Reprise av åttandedelsfinalen for fire år sidan, men denne gongen vinn Mexico. Argentina kjem til å ta for lett på denne kampen, og då ryk dei ut.

Tyskland – Slovenia

Tyskland vidare. Tyskland humper og går, og Slovenia kan ikkje stoppe dei.

Italia – Kamerun

Kamerun vidare. Eit afrikansk lag kan gjere det i år, og det er Kamerun. Italia ryk ut her, etter ein svært dårleg kamp.

Spania – Potugal

Spania vidare. Iberisk duell her, og denne gongen er Spania storebror.

Vi får då desse kvartfinalane:

Frankrike – England

England vidare. Slutt på flaksen for Frankrike, England er i semifinale.

Nederland – Brasil

Brasil vidare. Nederland har mykje å by på framover på bana, men mot eit bunnsolid Brasil held det ikkje.

Mexico – Tyskland

Tyskland vidare. Tyskland er sterkare enn Mexico, så då blir det slik.

Kamerun – Spania

Spania vidare. Takk og forvel til Afrika. No er det dei tradisjonelle fotballkontinenta som skal gjer opp om dette.

Semifinalane:

England – Brasil

Brasil vidare. Brasil klare greit å slå ut England.

Tyskland – Spania

Spania vidare. Spania var best i EM-finalen for to år sidan, og dei er best no.

Bronsefinale: England – Tyskland

England vinn. Tett og jevn kamp som England avgjer på slutten.

Finale: Brasil – Spania

Brasil vinn. For først gong sidan VM i 1950 møtast Brasil og Spania i ein kamp som kan avgjere kven som vinn mesterskapet. Den gongen spelte ein ei finalegruppe med 4 lag, der Spania sjølvsagt enda sist, til og med bak Sverige. Og VM-spøkelset er ikkje heilt vekke for Spania, Brasil vinn denne kampen, og dermed heile VM. Vi gratulerer!

Leave a Reply