Vi mimrer: Babylon Zoo

Spaceman! Babylon Zoo kom frå det store intet, levert ein kjempehit og så høyrde ingen noko meir frå dei. Kva skjedde? La oss lære eit av nittitalets største one hit wonders litt nærare å kjenne.

Vi skal til Wolverhampton i England på midten av nittitalet. Der ruslar det omkring ein kar som heiter Jas Mann. Han hadde tidlegare vore med i bandet The Sandkings, men der slutta han på grunn av “creative differences”, eller “vi liker ikkje trynet ditt lenger”, som det kan oversettast til på norsk. Uansett, vår mann Jas gav seg ikkje av den grunn. Han stabla på beina eit nytt band, Babylon Zoo. Og det var sjølvsagt med dette bandet han skulle legge verda for sine føter, om enn for ein veldig kort periode.

Det var i 1995 at Babylon Zoo enedeleg fekk gjeve ut sin første song. Spaceman blei umåteleg populær, mykje på grunn av at songen og blei brukt i ei reklame for Levi’s som rulla over engelske TV-skjermar på den tida. Spaceman solgte 418000 kopiar første veka den var i salg. Tenk det, for 15 år sidan kjøpte folk faktisk musikken sin. Spaceman gjekk sjølvsagt rett inn på førsteplass på listene.

YouTube Preview Image

Det kanskje ikkje alle veit er at dette ikkje er den originale versjonen av Spaceman. Grunnen til at det var denne versjonen som blei gjeven ut var at den var blitt brukt i, og blitt populær på grunn av, Levi’s-reklama. Originalen høyres slik ut:

YouTube Preview Image

Men dette var faktisk ikkje den einaste songen som Babylon Zoo hadde. Dei spelte jo faktisk inn ei heil plate, og den andre singelen derfrå var Animal Army

YouTube Preview Image

Plata dei spelte inn heitte The Boy whit the X-Ray Eyes. To år seinare gav dei ut ein ny plate som heitte Kong Kong Groover. Sidan har ingen høyrt noko frå dei.

Leave a Reply