Klassikeren: Super Mario Bros. 3

Etter alle dei etter kvart svært mange spela om rørleggaren med bart, men utan rørleggarsprekk, sine eventyr er det kanskje fortsatt Super Mario Bros. 3 som står fram som Mario sitt greatest moment. Iallefall er det det for meg. Og det er ikkje berre fordi at eg knapt har spelt Mariospela til Nintendo 64, Gamecube og Wii, men i hovedsak fordi Super Mario Bros. 3 er awesome.
Det heile går sjølvsagt ut på å redde Prinsessa frå slemmingen Bowser, og i dagens moderne lyd-og-bilde-samfunn kan vi jo illustrere dette med ein filmsnutt:
Alle veit vel kva eit Mario-spel går ut på. Hopp og sprett og tjo og hei, heilt til ein har redda prinsessa. I tillegg til å hoppe kan ein og symje og fly der det måtte være behov for det. Super Mario Bros. 3 blei, som det meste anna som Nintendo har hatt suksess med utvikla av Shigeru Miyamoto, den prisvinnande banjospelaren frå Koyoto.
Ein skal gjennom åtte forskjellige verdener før ein er ferdig, eller ein kan like gjerne finne seg ei tryllefløyte og komme seg fram i verda utan å svette noko for det. Har ein verkeleg dårleg tid så kan ein jo gjere som han her.
Nostalgifaktoren går sjølvsagt gjennom taket her. Eit av tidenes beste spel.
Og det er sjølvsagt like moro i dag som det var den gong.
![]()








Dette spillet er fortsatt et av tidenes beste spill. Nintentdo solgte visst også en million kopier av det i fjor