MGP 2010 – Vi vurderer første semifinale

Det er trønderane som får fornøyelsen av å være vertskap for den første av årets delfinalar i Melodi Grand Prix. Det er dei sikkert stolte av. Men kva slags musikk er det eigentleg vi kan forvente frå scena i kveld? Fløyelsmjuk øyremasasje eller brutal trommehinnvoldtekt? Med eit pågangsmot kun overgått av eigen inkompetanse tar vi her ei aldri så liten pølsebonanza for dagens artistar.

Gaute Ormåsen – Synk eller svøm

YouTube Preview Image

Idol-Gaute driv tydlegvis fortsatt med musikk, og er først ute her. Og kva har så han å by på? Det går mest i ompa-musikk og alvorlig irriterande koring. Faktisk den mest irriterande koringa vi har høyrt til no i dette tiåret. Då hjelp det ikkje at sangen i grunn er heilt OK. Denne koringa burde nokon blitt satt i fengsel for.

n669835073_5005853_37052

Lene Alexandra – Primadonna

YouTube Preview Image

Denne songen er så dårleg at den faktisk kunne vore eit bidrag frå Kviterussland. Og i ein MGP-kontekst så er Kviterussland synonymt med bæsj. Eller, eg skulle ønske at denne songen var dårlegare enn det den er, for dei virkeleg dårlege sangane har jo ein viss underhaldningsverdi, det har ikkje denne. Dette blir berre boring.

n669835073_5005852_3498

Johnny Hide – Rewind Love

YouTube Preview Image

Det ein sit at med her er jo først og fremst at ein lurer på om artistnamnet til Johnny Hide skal utalast på norsk eller engelsk. Engelsk høyres i grunn tøffast ut, det leder tankane til ein flaggveivande amerikansk Nashville-countryrockar. Men denne songen handlar verken om hesteskjending eller fyllekøyring i ein Pick-Up, det er derimot ein kvalmande sukkersøt kozemozeoverdoze av ein song som det skal godt gjerast å høyre gjennom meir enn ein gong utan å å kjenne deg småkvalm.

n669835073_5005853_3705

Bjørn Johan Muri – Yes Man

YouTube Preview Image

Endå meir Idol-rask. Unge Muri frå Ålesund har tydlegvis latt seg inspirere av denne åttitalspopen som det skrekkelege Drammenorkesteret DonkeyBoy gjorde populær i fjor sommar. Men ein kan likevel ikkje komme unna at denne songen er milevis betre enn alt det andre vi har høyrt til no.

n669835073_5005855_39871

Elisabeth Carew – Rocketfuel

YouTube Preview Image

Tydleg at standaren har tatt seg opp no. Denne her er faktisk slett ikkje så ille, om framføringa ser bra ut på TV kan dette godt være kveldens vinnar. Rocketfuel er for øvrig Lørenskog-slang for heimebrent, om det var nokon som lurte på det.

n669835073_5005856_4101

Maria Haukaas Storeng – Make My Day

YouTube Preview Image

Og så får vi eit skikkeleg mageplask frå Nord-Norge. Det er berre i Frankrike at så kjedlege songar kan vinne.

n669835073_5005853_37051

Keep of Kalessin – The Dragontower

YouTube Preview Image

Å måtte høyre gjennom seks songar på rad utan ein einaste gitarsolo er eigentleg ei frykteleg oppleveing som ingen burde bli utsatt for, men slik er det blitt i dagens populærmusikk. Men her kjem det ein gjeng grimme unge menn med lang hår og bistre andlet som, iallefall slik eg tolkar teksten, brukar mestaparten av tida si på å spela fantasyrollespel heime på guterommet. Og her er det iallefall gitar så det held! Og det er ganske tøft.

n669835073_5005856_41012

  1. Karine sier:

    MPG 2010 sugde ræva. Skuffende ass.

    • Bjørnar sier:

      Vel, om du går til første delfinale i MGP og seriøst forventar at det ikkje skal suge så er det berre å seie takk til deg.

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply