Klassikeren: The Games Winter Challenge

Sjølv om det strengt talt er The Games: Winter Challenge som er det rette namnet på dette spelet så har eg aldri kalla dette spelet for noko anna enn Winter Games, men rett skal jo være rett. Det finst jo også eit spel som heiter faktisk Winter Games, og vi vil jo unngå å blande dei to saman.
For at dei usikre skal kunn kjenne det at kan vi jo sjå ein video:
Vi skal altså heilt tilbake til 1991. Dei nymotens datamaskinene var begynnt å dukke opp i de tusen hjem, og då måtte ein sjølvsagt ha noko fornuftig å bruke desse til. Eller, det er jo sjølvsagt bullshit. Ein måtte ha noko moro å bruke desse datamaskinene til. Og kva passa vel betre her i vintersportslandet enn å kunne delta i OL utan å forlate godstolen?
Vi har altså med ein vintersportssimulator å gjer. Ymse aktivitetar med ski og skøyter under føtene. Og ymse aktivitetar har sjølvsagt ymse underhaldningsverdi. Langrenn og skøyter var heller stusselege greier, der det berre var om å gjere å trykke fortast mogleg på enter får å få løparen din til å bevege seg. I skiskyting blei dette kombinert med skyting, sjølvsagt, der siktinga blei vanskelegare dess fortare ein gjekk på ski. I skøyteløp var det desutan pokkers vanskelig å klare svingane.
Men det var og mykje moro her. Alpinøvelsane, særleg utfor, var stas. Bob og aking var vanskeleg, men likevel fifft. Men toppen på krumkaka var sjølvsagt skihopp. Når ein først fann ut korleis ein klare å lande ståande så hadde ein timesvis med moro med skihopparar i flotte pastellfargar frå det tidlege nittital framfor seg. Berre eit hopp til, kanskje eg klarer 100 meter neste gong!
Nostalgifaktoren skal ein ikkje undedrive her. I gode gamle dager var dette awesome greier.
![]()
Men nostalgi er ikkje nok til å forvare ein like høg score i dagens pølsekurs. Dette er eit gamalt spel, og det merkast godt.
![]()







