Klassikeren: Transport Tycoon Deluxe

ttd

Ah, Transport Tycoon Deluxe! Har snakkar vi verkeleg om ein klassikarane sin klassiker! Dette fantastiske spelet der ein går frå å operere eit par stusseleg bussar, varebilar og damplokomotiv frå ei luguber brakke til å sitte på sjefskontoret i den fancy kontorbygninga til eit altomfattande monster av eit transportselskap som fraktar kva det måtte være kvar det måtte være!

Transport Tycoon Deluxe kom ut i 1995 og var ein forbetra utgåve, ein deluxe-utgåve, av Transport Tycoon. Skilnadane mellom desse to er i hovedsakt eit meir forseggjort system for korleis lyssignala ein kan bygge langs jernbanelinjene fungerar, og at ein kan spele i eit arktisk, tropisk eller leikelandsaktig kart i tillegg til standarkartet.

Mannen bak TTD heiter Chris Sawyer, ein skotte som har pusla med å utvikle dataspel heilt sidan det tidlege åttital. Transport Tycoon Deluxe er nok det av Sawyer sitt arbeid som står sterkast i dag, sjølv om han og er kjendt for å være mannen bak RollerCoaster Tycoon-serien.

Dei fleste veit vel kva TTD går ut på. Mykje av cluet ligg  jo i namnet, her skal ein bli ein Transport Tycoon. Ved hjelp av bussar, bilar, båtar og eit etterkvar riktig så fancy utval av tog skal ein frakte varer og passasjerar rundt omkring. Ein kan velge å være eit transportselskap som rår grunnen aleine, eller ein kan ha med konkurentar med ein ikkje akkurat imponerande grad av kunstig intelligens. Desse er som oftast meir i vegen enn dei er ei utfordring. Når ein startar opp TTD byrjar ein i 1950 med eit utval av køyretøy som fanst på denne tida. Etterkvart som åra går får ein tilgang til stadig nye og meir fancy transportmidlar. TTD “sluttar” i 2050, men ein kan likvel forstette spelt, men ein vil då ikkje lenger få tilgang til ny teknologi.

Ønsker ein å spele TTD i dag kan ein støte på problem, då spelet slett ikkje smarbeidar så godt med nymotens opperativsystem. Løysinga heiter OpenTTD, ein open source-versjon av TTD som ikkje berre lar deg spele TTD når du måtte ønske, men også legg til rette for multiplayerspeling . Og det er vilt fifft, det!

Ein kan ikkje skrive noko om TTD utan å nevne den fantastiske musikken. Dette er noko av det som verkeleg set stemninga i spelet. Folk som vel å kutte ut det originale lydsporet og heller høyre på kontemporær populærmusikk går rett og slett glipp av den awesome opplevelsen det er å høyre klassikarar som Hold That Train!, Easy Driver, City Groove og ikkje minst Aliens Ate My Railway. Skulle ein være interessert i å høyre eller få tak i desse tidlause kompsisjonane så er dei å finne på internettet, på sida transporttycoon.net, ei side som for øvrig byr på svar på det meste ein måtte lure på vedrørande TTD.

Nostalgifaktoren er sjølvsagt skyhøg for slik ei gullgruve av eit dataspel. Her lyt ein rett og slett fram med toppkarakteren.

n669835073_5005857_48321

Og i dagens pølsekurs? Vel, TTD er minst like fifft i dag som det var den gongen det var nytt.

n669835073_5005857_48322

YouTube Preview Image
  1. Snorre sier:

    Dette spillet må være blant de spillene som holder seg aller best. Gameplayet er fett og grafikken ser faktisk helt fantastisk ut på 24″en min! Ellers enda en god artikkel!

  2. pothejeneva sier:

    look at for more for less

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply