Klassikeren: The Settlers II

The Settlers II er mest sansynleg eit av dei spela eg har brukt mest tid på oppgjennom åra. Men trass i dei utallege timane framfor skjermen har eg aldri runda det. Settlers II er nemleg noko som tek tid, lang tid.
The Settlers II kom ut i 1996, og det var det tyske selskapet Blue Byte Software som stod bak. Settlers II kom og i ein opppussa utgåve i 2006, The Settlers II 10th year Anniversary, og det har og komme ein versjon til Nintendo DS.
Settlers II er sjølvsagt ein oppfølgar av det første Settlers-spelet, eit spel ein kan lese meir om her, ein svært utfyllande artikkel hos gamer.no. Men la oss holde oss til toaren. Det det heile går i er at eit skip med romere strandar på ei øde øy. Frå det forliste skipet dei kom reddar dei unna ei viss beholdning av materialer og verktøy, så for å overleve, og til sjuande og sist finne veien tilbake til Roma så er det berre å sette i gang med å utnytte dei ressursane ein har tilgjengeleg. For det er det det i det store og heile det handlar om, å gjere det beste ut av ressursane dine.
Tenk deg at du har oppdaga at det bur held til eit framand folk i nærheten av ditt eige. I dataspela sin verden, akkurat som i det verkelege liv, reagere ein med skepsis. Fysjameg, tenker ein. Framandfolk som er ute etter å ta oss. Det er berre å sette i gang med å beskytte seg mot desse potensielle fiendane. Men der det i mange spel i same kategori held å grave gull og dyrke mat for å skape ein sosldat er det i Settlers II sin verden ein langt meir krevande operasjon.
Skal ein ha ein soldat lyt ein først hogge stein og ved slik at ein har bygningsmaterialar. Tømmeret ein hugge må sjølvsagt innom eit sagbruk først, slik at ein kan lage plank av det. Deretter må all materialen fraktast til staden ein vil bygge befestninga si, enten det er ei lita hytte eller ei svær festning, slik at soldatane her ein stad å halde til. Når bygninga er ferdig er det berre for soldatane å rykke inn. Men soldatar kjem ikkje av seg sjølv.
Skal ein ha soldatar lyt ein ha våpen. Så då må ein bygge gruver for å utvinne jern og kol, ein må bygge ein industri som kan smelte metallet og ein våpensmed som kan gjera metallet om til våpen. For å holde liv i gruvene treng gruvearbeidarene mat, så då må ein bygge opp gårdar som dyrkar korn, korn som kan malast til mjøl å lage brød av eller som kan brukast til for for grisane som kan takast til slaktaren. Og opp i det heile må ein sørge for at nok av metallet ein utvinn blir brukt til å produsere reiskapar til alle bøndene, metallarbeidarane, tømmerhoggerane, slaktarane, grisrøktarane og gruvearbeidarane ein har i sving slik at desse kan gjere jobben sin. Ein må dessutan huske på å brygge øl til soldatane sine slik at dei får nok mot i brøstet til å gå i krigen.
Og skal ein trene soldatane til å bli betre, så treng ein penger. Penger får ein ved å grave gull og smelte gullet om til myntar, ein prosess som i seg sjøl krev ressursar. Og for å frakte alle desse tinga ein treng frå A til B så er ein avhengig av eit nettverk av bærara som bær tinga frå eit flagg til det neste, der ein ny tar over, og slik held det fram til objektet har nådd sitt mål.
Dette kan sjølvsagt virke som ein svært omstendeleg prosess, noko det også er, utan at det betyr at det er kjedeleg. For det er det siste det er. Å bygge opp fungerande forsyningslinjer og eit fungerande samfunn er rett og slett vilt fifff.
Nostaligfaktoren er sjølvsagt til stades. Å sette seg ned med Settlers II really takes you back, som dei seier i utlandet. Så ein lys sjølvsagt være raus med nostalgipølsene i dette tilfellet.
Men held det mål i dag? Reint teknisk så har sjølvsagt utviklinga vår stor sidan Settlers II kom ut i 1996, så ein må jo innrømme at Settlers II slett ikkje ser så bra ut i dag som det gjorde den gong det var nytt. Men det er streng talt ikkje så viktig. For Settlers II er fortsatt moro, like moro som det var i gode, gamle dager. Set ein seg først ned og starter på utfordringa med å få våre tapre små romerske venner tilbake dit dei kom frå så går timane fort. Det er difor heilt på sin plass å hente fram heile fem pølser, også i dagens pølsekurs.
![]()
Skulle du få lyst til å prøve deg på Settlers II så er det slett ikkje så vanskeleg å finne tak i det med litt kreativ bruk av denne nettstaden.







