Klassikeren: Championship Manager Norge

I desse dagar er det sikkert mange som stadig tek seg sjølv i å bruke litt meir tid enn det dei eigentleg hadde tenkt på sitt splitter nye eksemplar av Football Manager 2010. Eit vilt fancy-shmancy managerspel med alle slags funksjonar ein måtte ønske seg. FM 2010 er som dei fleste veit siste tilskot til Football Manager-serien, ein serie som starta med det som då heitte Championship Manager i 1992.
Det andre spelet i Championship Manager-serien, som heitte Championship Manager 93/94 kom ut året etter det første spelet i serien, og det er nettopp dette spelet frå 93/94-sesongen som dannar utgangspunkt for Championship Manager Norge. For CM Norge er ein på alle måtar direkte kopi av den engelske 93/94-utgåven.
Det som var spesielt med CM Norge då det kom på markedet i 1995 var at ved oversettinga av spelet hadde nøgd seg med å oversette språket i spelet til norsk, og å erstatte dei engelske laga med noske lag. Sjølve ligasystemet var det ikkje gjort noko med. Derfor hadde norsk fotball i VM Norge sin verden eit ligasystem som var heilt likt det engelske, med 20 lag i toppdivisjonen, og 24 lag i henholdsvis 1., 2., og 3. divisjon, der opprykk blei avgjort med same play-off-systemet som ein har i England.
Så ein kan ikkje akkurat kalle dette ei realistisk framstilling av fotballen i Norge i 1995, men det var då moro likevel. CM Norge gav i det heile ikkje ei realistisk framstilling av forballen i heile tatt, slik vi kjenner den i dag. Til dømes kom spslet før Bosman-dommen, slik at om ein spelar si kontrakt gjekk ut, og ein ikkje kom til einighet om ei ny kontrakt så blei spelaren rett og slett værande i klubben. Ein fin måte å spare lønnsutgifter på, om ikkje anna.
Om ein av dine betre spelara nærma seg slutten på kontrakta kunne og det skje at han rett og slett bestemte seg for å bli proff i utlandet. Då dro spelaren avgarde etter sesongslutt utan at ein som manger hadde noko sosm helst ein skulle ha sagt. Ein anna ting å bite seg merke i var at keeperane i spelet ikkje hadde noko som helst slags form for stats utanom leiareigenskapar, noko som førte til at ein aldri veit om keeperen ein plasserar i målet er noko god.
CM Norge var og utsyrt med ein fancy kopibeskyttar, der ein måtte taste inn eit resultat frå eit tilfeldig side i splest sin manual for å i heile tatt komm i gong med spelet. Om ein ikkje hadde denne manualen tilgjengeleg var det ikkje anna råd enn å til dømes taste inn 1-1 heilt til ein faktisk traff med dette resultatet.
Nostaligifaktoren knytta til CM Norge er jo sjølvsagt til stades, men ikkje i påtrengande grad. Sjølv om ein for all del hadde det mykje moro med CM Norge, så er det i ettertid først og fremst dei meir komiske sidene med dette spelet ein huskar.
![]()
Så kva resultat gjev dette i dagens pølsekurs? Er det noko moro å hente fram CM Norge i dag?
Nei, det har heller lite for seg. Først og fremst fordi på dagens PC’ar så går dette spelet så fort at det rett og slett er vanskeleg, svært vanskeleg, å kontrollere det. Spelet er dessutan så sjølvrepeterande at det ikkje har noko særlig til underhaldningsverdi no til dags.
![]()







