Vi mimrer: Lou Bega

Enkelte av storstjernene på musikkfronten på det glade nittital la ned eit stor stort arbeid i å finne på eit catchy namn. Lou Bega trengte ikke å gjere det. For Lou Bega sit eigentlege namn er David Lubega, alt han trengte å gjere var å være litt kreativ med etternamnet sitt. Vår mann Lou er tysker, men er av italiensk og ugandisk opphav, sansynlegvis frå ein genpool beståande av sicilianske mafiosos og Idi Amin sin slemme onkel.

Det var i det det glade nittital var i ferd med å gå over i historiebøkene, i 1999, at Lou Bega for alvor trådde fram i rampelyset. Mambo No. 5 vart ein storhit verda over. Lou Bega si lovprising av Angela, Pamela, Sandra, Rita, Monica, Erica, Tina , Mary og Jessica nådde toppen av listene i så godt som heile Europa, låg 20 veker på topp i Frankrike og var på det høgaste nummer 3 i USA.

YouTube Preview Image

Mambo No. 5 er for øvrig kåra til tidenes 6. mest irriterande song av Rolling Stone Magazine. Øverst på den lista finn ein My Humps med Black-Eyed Peas. Programleiaren på Topp 20 på Petre som eingong i tida sa etter å ha spelt av Mambo No. 5 som listetopp for ørtande gong at “det er noko med den songen, det gjer godt når den er ferdig” hadde evig rett.

Men Lou Bega hadde no fått ein fot innafor popstjernetilværelsen, og då var det klart at han hadde meir musikk å by på. Men denne gongen var Lou nødt til å komme med ein ny song, ikkje bygge vidare på mexicanske slagerar frå førtitalet. I Got A Girl gjorde det likvel tåleleg bra på listen rundt omkring, med ein andreplass i Finnland som best.

YouTube Preview Image

Dei oppservante blandt oss legg kanskje merke til at der Lou Bega starter Mambo No. 5 med å telle til fem, så starter han I Got A Girl med å telle vidare frå seks til ti. Kontinuitet, baby!

Etter dette blei det ganske så stille frå Lou. Det vil seie, han var ikkje stille, Lou har gjett ut mange plater etter si korte storhetstid på nittitalet, men det har vore heller får som har tatt seg bryet med å høyre på desse platene. Den siste plata kom i 2005, med den fengande tittelen Lounatic.

Men det er ikkje berre innan musikken Lou Bega har gjort det stort. Han har og satt sine spor innan dataspela sin verden. I Tropico, eit spel der ein skal være ledar av ein øystat i Karibien under den kalde krigen, var Lou Bega ein av real-life personane ein kunne velge å spele med, saman med ei samling av meir eller mindre lugubre latinamerikanske statsleiarar som Che Guevarra, Fidel Castro, Eva Peron, Augusto Pinochet og Papa Doc.

Lou Bega var og med i Walt Disney’s The Jungle Book Rhythm n’ Groove, eit slags dansespel til Playstation, der han dansa og song som sin navnebror King Louie. Vi kan jo ta ein titt på det.

YouTube Preview Image

Leave a Reply