Vi mimrer: Shaggy
Om du var ute etter romantisk fantstisk lovah på nittitalet var det ein mann å henvende seg til, nemleg Shaggy. Men korleis hadde det seg at denne jamaicansamerkikanaren med bagrunn frå US Marine Corps gjorde popstjerne av seg og blei til sjølvaste Mr. Lovah-Lovah? Det skal vi no finne ut.
Shaggy, eller Orville Richard Burrell som han eigentleg heiter, var altså opprinneleg frå Jamaica, men flytta med famililien til New York i ung alder. 20 år gammal verva han seg altså til US Marines, og blei sendt til Golfkrigen. Det var her Shaggy perfeksjonerte si lett gjenkjennelege snagstemme, ei stemme han utan tvil brukte til å sjarmere burkaen av jentene i Bagdad.
Etter å ha kommen heilskinna heim frå krigen bestemte Shaggy seg for å bli rik og berømt musikar. Og kva er då betre enn å ta ein song som har vore ein hit tidlegare og gjer den til ein hit nok ein gong? Shaggy sin gjennombrotsong var Oh Carolina.
Shaggy sin neste storhit var ein coverversjon av In The Summetime, der Shaggy, som den ansvarlege smafunsborgaren han er forandra tekstlinja have a drink, have a drive til Im gonna ride and drive. Og slik høyres det ut:
Dette var første single frå Shaggy sitt album Boombastic som kom ut i 1995. Og som du allreie har skjønt så var ikkje dette den største hiten frå dette albumet, det var det sjølvsgat tittelsporet som var. Og då er det sjølvsagt tid for ein rett så triveleg tur ned memory lane: Boombastic!
Boombastic var sjølvsagt Shaggy sitt største augeblikk på nittitalet, men det som kan komme som eit sjokk for alle med eit hjarte for nittitalsmusikken er at Boobastic (albumet) ikkje nådde høgare enn ein 34. plass på listene i USA. Shaggy sin einaste listetopp kom nemleg i år 2001 med comebackplata Hot Shot. Og med inngangen til eit nytt tiår hadde desverre (og sjølvsagt) Shaggy gått frå å være ein rett så fiff artist til å bli himmelropande ufiff. Det er kanskje nokon som husker desse to songane?
Shaggy har til no gjett ut åtte album, og som om ikkje det var imponerande nok så har han på desse åtte platene nok stoff til å ha gjett ut heile sju best-of-samlingar! Respekt til mannen som veit korleis han skal tjen penger!







