I meieriproduktenes dal: Skyr
Sleng deg i veggen! Yougurtmonopolet er brutt! Av ein islansk ost!
For om ein skal være teknisk av seg så er det faktisk ein ost skyr er, det står nemlig på teh intarwbz, så då må det jo stemme. Q-meieria, det tapre vesle selskapet som utfordrar Tine sitt monopol/Blodkapitalistane som søker å køyre bøndeens samvirke Tine i grøfta (styk det som ikkje passar) har nemleg introdusert skyr i norske butikkhyller. Er det verdt å smake på?
Skyr er altså eit islandsk produkt, ein god skyr er det islendingane trøstar seg med når finaskrisa og hardur tidur gjer livet på sagaøya grått og trist. No har det altså komme til Norge, i fine fargar og gode greier.

Testpanelet, beståande av meg, har smka på variantane med skogsbær og vanilje og jordbær og granateple. La oss starte med sistnemnte.
For den er god. Himmel og julekake så god den er! Det einaste som trekke ned er at skeia som føl med emalasjen er nærast ubrukeleg til å ete med, og at utforminga at sjølv emablasjen gjer det vanskelig å få tak i det av skyren som ligg nederst i pakken. Men smaken er awesome!
![]()
Det var derfor med stor optimisme eg tok fatt på neste skyr ut, den med smak av vanilje og skogsbær. Men her snakkar ein om antiklimaks. For denne var jævlig. Det smakr kunstig, som e-stoff blanda med kjemiske avfallsstoff. Fysjameg!
![]()







