Vi mimrer: Eiffel 65
I dag skal vi til Italia. Slik ein kulturnasjon kan sjølvsagt ikkje være bekjendt av å ikkje være representert i denne oversikat over nittitalets hottaste musikksjanger, nemle Eurodance. Og kva er vel då meir naturleg å dra fram frå musikkhistorias søppeldynge enn sjølvaste Eiffel 65?
Eiffel 65 besto av Gabry Ponte, Maurizio Lobina og Jeffery Jey. Ein heilt sikkert sjarmerande gjeng, slik dette bildet viser:

Men vi kan ikkje berre være slemme mot auget, vi må jo høyre på musikken og. Og då blir det sjølvsagt den mesteslegande italienske sangen i USA nokonsinne: Blue (Da Ba Dee)!
Musikkvideoen var desverre ikkje å oppdrive i eit format som lot seg vise her, men dette biletet var då fint å sjå på uansett, var det ikkje? Det viktigaste er trass alt musikken.
Blue (Da Ba Dee) blei gjett ut første gong 14. april 1999, og blei faktisk Grammy-nominert for beste dance-innspeling i 2001. Blue nådde heilt opp på 6. plass på Billboard-lista borte i USA. Blue blir rekna, i følge wikipedia, og når det står på nettet så må det jo være sant, for å være ein av sangane som definerte pop-kulturen rundt årtusenskiftet.
Songen var henta frå albumet Europop, som nådde ein fjerdeplass på dei amerikanske listene.
Eiffel 65 har det til felles med dei fleste innan eurodancen at dei først gjer ut ein song som blir ein überhit, for så å følge opp med ein som ikkje på langt nær er like fiff. For våre italienske vennar sin del heitte denne sangen Move Your Boby. Her har vi faktisk ein video å by på og. Enjoy!
Etter dett blei det ganske stille frå Eiffel 65. Eit comeback vart visstnok varsla i 2007, men dette har blitt utsatt på ubestemt tid. Min vi vil då alltid ha minnene!







