#valg09 – Om brosjyra fekk bestemme
Husk å forhåndsstemme! Plutselig sto det ei nærast overstadig begeistra jente framfor meg i dag og ropte ut akkurat den oppfordringa. For ved forrige stortingsval var det berre 45% av studentane, dei slampane, som faktisk tok seg bryet med å avgje stemme, så i år lyt ein sjølvsagt gjera si borgarplikt. Men kva skal ein stemme på? Heldigvis fekk ein ikkje berre utdelt ei oppfordring om å stemme, ein fekk og ei brosjyre med hovedpunkt over kva dei forskjellige partia meiner om stort og smått innan utdanningspolitikken.
Sjølv om eg etter kvart har byrja å sjå lyset i enden av utdanninga mi, og soleis mest sannsynleg i mesteparten av kommande stortingsperiode vil oppfatte utdanningspolitik ovanfor universitet og høgskular som noko som bryr meg midt i ræva, så kan eg jo i det minste late som eg er interessert. La oss derfor ta partia i den rekkefølga dei står nevnt i den hendige vesle brosjyra De som stemmer bestemmer gjett ut av NSU og ein annan organisasjon eg ikkje kjenner att logoen på.
Arbeiderpartiet meiner utdanning utgjevnar skilnadar og vil ha lik rett til utdanning for alle. For det seier nemleg OECD at er ein god ide, ein mykje betre ide enn å gje skattelette. AP vil og utvide studiestøtta til 11 månader i året, noko dei streng talt ha hatt fire år på seg til å ordne, men likevel ikkje klart å få til
Høgre slår fast at som student er ein travelt opptatt. At dei i heile tatt kan klare å uttale sånne tåpelighetar viser jo at dei ikkje har peiling. Jern-Erna & Co vil styrke høgare utdanning, utan å nevne ein skit om korleis dei vil gjere det. Men dei vil og styrke næringslivet, og det er jo stas, det kan jo bli kjekt ha ha ein jobb ein gong i tida og.
Framstegspartiet is looking for freedom i beste Hasselhoff-stil. Fridom for enkeltmennesket. Dei skryt og av å ha vore dei som ønsker styrst bevilgningar til høgare utdanning av alle partia inneverande stortingsperiode. Dei vil og styrke studiefinasieringa og bygge fleire studentboligar, men det er jo noko alle vil, så for ein gong skuld er faktisk FrP heilt anonyme.
So kjem vil til Kristeleg Folkeparti. Auka studiestøtte og fleire studentboligar, nett det same som alle andre. Pluss at dei sjølvsagt vil ta frå alle studinetøsene som har vore for uforsiktige i fadderveka retten til sjølvbestemt abort. Eller “legge til rette for studentmødre og -fedre” som dei formulerar det.
Studiestøtte og studentboligar, same maset kjem og frå Sosialistisk Venstreparti. I tillegg ein mykje mas om nei til oljeboring, jernbane og klima, ting som jo er svært relevant for høgare utdanning.
Venstre kjem med det same maset om miljø og klima, og skryt på seg det mest studentvenlege programmet av alle, men dei seier ingenting om kva dette programmet består av.
Partiet for alle oss bondeknølar og saueskjendarar, Senterpartiet, er dei einaste som evner å faktisk stille krav om at er viktig å ha studentar med gode resultat. Alle dei andre vil jo berre kaste pengar etter oss, virkar det som. SP vil og utvide ordninga med ettergjeving av studielån, ei ordning som i dag kun gjeld i Finnmark og nord-Troms.
Til sist har vi partiet for dei spesielt interesserte og engasjerte, Rødt. Dei vil ha heile 12 månaders studiestøtte, sånn at ein heller kan reise til Magaluf for skattebetalarane sine pengar enn å ta seg ein sommarjobb. Rødt meiner og det er viktig for høgare utdanning at ein tør seie nei til USA. Styresmaktenes USA-fiendlighet er jo svært positivt for studentars vel og ve, berre sjå på Nord-Korea. Rødt seier og at ei stemme på dei er så langt ein kjem frå ei stemme på Siv Jensen, og det seier jo litt om kor lite dei trur om sin veljarmasse når dei finn det naudsynt å presisere at ei stemme på Rødt er ei stemme på Rødt, og ikkje på eit anna parti.
So, om denne brosjyra var det einaste eg hadde tilgjengeleg før valgdagen kom, kva ville eg stemt på? Trur jaggu eg ville gått for Senterpartiet, eg. Liv Signe Navarsete FTW!








Skulle ønskt alle gikk fra å snakke om å kaste penger etter meg til å faktisk gi meg mer penger. Ikke fordi jeg har så veldig brukt for det, men fordi jeg liker å ha mer penger
Liker forresten alle disse partiene som høyre og AP, og SV som vil satse på mer PPU, og noen av dem vil jo betale folk for å ta PPU. Men da selvfølgelig ikke de som har valgt å studere fag som en underviser i, i skolen, men aksjemeglere, økonomer og eiendsommeglere og slike ting skal få betalt for å ta PPU. Jeg gleder meg til å jobbe i den fremtidige BI-skolen hvor heildagsprøvene går ut på å gå med pannebånd og prøve å få solgt klasserommet med overskudd.
Ein liten faktafeil i dette innlegget, ser eg. Det var 45% av studentane som ikkje stemte ved forrige stortingsval, og altså 55% som faktisk stemte.