Vi mimrer: Robert Miles

Robert Miles var slett ikkje Robert Miles sitt eigentlege navn. Robert Miles var frå Sveits, hadde italienske foreldre og heitte eigentleg Roberto Concina. Kvifor han valde å ta dette langt mindre fiffe artistnavnet er ikkje heilt godt å forstå. Uansett, vår mann Robert var ein av dei som heiv seg på suksessen då Eurodancen herja som værst på midten av nittitalet. Pianomelodiar til techno- og trancerytmer, klart at det skulle bli ein suksess!

Robert Miles fyller 40 år i november, og då er det sjølvsagt på sin plass i feire han litt på forskudd med litt mimring og hans storslagne bidrag til nittitalsmusikken. La oss ta eit gjennhøyr med hans største triumf: Children.

Children ble gitt ut i november 1995, og var ein pionersong innan sjangeren Dream House (Ein musikksjanger som oppsto av trafikksikkerhetsmessige hensyn. Heilt sant!). Så dette var svære greier, skal du vite. Children blei ein svær hit, med førsteplass i tolv land. Den solgte til platina i Storbritannia, Frankrike, Tyskland og, sjølvsagt, Norge.

Med slik ein strålande suksess var det klart at her måtte det gjeast ut meir musikk. Dermed fekk vi Fable.

Her fekk ikkje han Robert same suksessen, men det er då likevel repktabelt med ein tredjeplass på listene i Tyskland og ein andreplass i Finland. Her til lands kom ikkje Fable høgare enn ein femtandeplass.

Etter dette blei det ikke fleire storhitar på vår mann frå Sveits. Men frykt ei! Robert Miles kjem med nytt album no i år. Ein sikker vinnar under juletreet, skal du sjå!

Leave a Reply