Konsert: AC/DC på Valle Hovin
Sommarens store kulturhøgdepunkt er allreie forbi, og no når inntrykka byrja å sige inn og pipinga i øyrene blir svakare så er det sjølvsagt på tide å dele med omverda kva ein synst om konserten. Det er jo dette som er poenget med blogging: Ein totalt feilaktig tru på at alle er interessert i å høyre på kva ein har å fortelle.
Konserten var iallefall alt ein kunne forvente, lokomotiv og kanoner, oppblåsbare damer og kirkeklokker. Rock’n'Roll av fin gamal årgang. Men la oss heller sjå og høyre enn gje oss i kast med den heller vanskelig oppgåven å beskrive musikk med ord. Dei mest dekkande orda er iallefall vilt fifft!
Thunderstruck
Back in Black
TNT
For Those About To Rock (We Salute You)
Som sagt: Vilt Fifft!
![]()
Det som hindrar toppkaraker er at konsertopplevelsen ikkje blei så god som den burde vore på ein så framifrå konsert. Grunnen til dette er dei mange tusen som hadde bruk nærmare 700 kroner på bilett til ein konsert det dei heile tida stod rett opp og ned med armane i kors og ikkje gjore anna enn å komme med litt høfleg applaus etter songane, søle øl på andre eller be sidemannen om snus mitt under gitarsoloen på Shoot to Thrill.
Merkelige folk, altså.







