DVD: Star Trek – The Motion Picture Triology
Etter å ha sett den vilt fiffe nye Star Trek-filmen på kino så lot eg meg friste til å bruke noko av underhaldningsbudsjettet på Star Trek – The Motion Picture Trilogy som det så fint heiter, også kjent som Genesis-triologien. Men sjølv om desse filmane blir pakka inn i ein fancy boks og satt i hylla på Platekompaniet, den einaste butikkkjeden der ein trendnissar med respekt for seg sjølv kan tenke seg å vise trynet sitt, så må det være lov å spørre seg om dette var verdt pengane. La oss finne ut!
Denne Genesis-triologien består av den andre, tredje og fjerde av Star Trek-filmane, The Wrath of Kahn, The Search for Spock og The Voyage Home, og alle desse filmane er inkluderte i denne boksen.

La oss starte med den første, The Wrath of Kahn

Denne blir av folk som liker å ha greie på slikt rekna som den beste av Star Trek-filamen, iallefall om ein ikkje rekan med den nyaste. Greia her er at nokon av føderasjonens flinke forskarar har laga noko som dei kallar the Genesis Device, ei greie som i korte trekk går ut på å skape nytt liv på daue planeter. Vilt fancy, altså. Men cluet her er at om ein skulle finne på å bruke dette her på ei planet der det allreie budde folk, så vil alle desse bli utrydda, og det kan ein jo ikkje ha noko av.
Ein sender derfor ut eit romskip for å leite etter ei høvandes planet. I det dei trur dei har funne ei sånn ei, så er det problema dukker opp, i form av Kahn, han med der vreden som nevnast i tittelen. For Kahn er nemleg ein sint mann. Kvifor han er det er litt vanskeleg for oss som snubler over denne filmen å skjønne. Denne filmen er eigentleg ein forsettelse av ein episode av den originale Star Trek-serien. Greia med Kahn er at han er eit genetisk manipulert übermensch. Überstyrke, überintelekt og sjølvsagt og eit übersjølvbilde. Og han er sur på vår mann Kaptein Kirk, som tolk rotta på Kahn ved deira forrige møte, og no skal han ha hevn.
Hevnmotivet er ganske sentralet her. Det heile kan virke litt innspirert av Moby Dick. Det seier eg ikkje fordi at eg er belest eller har greie på slikt, det har eg på ingen måte, men det er ei scene i filmen der boka Moby Dick er ganske framtredande i ei bokhylle vi får sjå. Det er berre å legge to og to saman.
Nåvel. Ein skal ikkje seie at dette er ein dårleg film, for det er det ikkje. Men den er langt frå bra heller. Ein sit heile tida med intrykk av å ikkje heilt forstå kva som skjer, noko som toppar seg på slutten då ein av hovedpersonane dør, visstnok ofrar han seg for å redde resten av mannskapet, men det er liksom ikkje heilt klart kvifor dette er nødvendig.
Ein kjem heller ikkje unna at filmen virker veldig gammal når ein ser den i dag. Spesialeffektane var sikkert vilt fiffe på det tidlige åttital, men ikkje i dag, og heile tonen i filmen virkar å være gammal å slite. Det hjelp ikkje det minste at Captain Kirk avsluttar heile filmen med å erklære at han føler seg ung.
Alt i alt, midt på treet.
Nest film ut: The Search for Spock

Først ein liten spoiler: Han som døde i den forrige filmen var ingen minder enn sjølvaste Spock. Men var han eigentleg død? Han var iallefall ikkje mindre død enn at dei kunne lage ein film som handla om han.
Det heile startar med at ein heller grimm vulcaner oppsøker den aldrande Captain Kirk (om det er nokon forståsegpåarar som les dette som reagerer på at eg omtalar Kirk som kaptein og ikkje admiral, som er den grada han streng talt har i desse filmane, så er det rett og slett fordi Captain Kirk høyres tøffare ut) og skjeller Kirk ut for å ha etterlate Spock på Genesis-planeta som oppsto etter ein god del uforståelege hendelsar i forrige film. Denne Vulcaneren er ingen ringare enn faren til Spock, Sarek. Kirk, i likhet med oss som ser filmen, skjønnar ikkje bæret av kva det er Sarek snakkar om.
Det som viser seg er at vulcanarar ikkje berre dør når dei dør, sånn som vanlege folk, dei kan legge igjen sjela si, eller katra som det så fint heiter, hos andre før dei dør. No er det streng talt ikkje mykje bruk for sjela når kroppen er død, men som vi skal sjå så kjem dette faktisk svært så godt med ettersom ting utfoldar seg.
Denne Genesis-planeta er nemleg ikkje heilt god, den utviklar seg altfor fort. Og her ligg altså Spock sin daude kropp. Sjølvsagt fører dette til at han gjennoppstår som eit baby, og deretter utviklar seg i rekordfart. For Kirk og gjengen er det drfor ikkje anna å gjere enn å stjele gode gamle Enterprise og dra avgårde for å redde sin gamle, eller unge, kamerat.
Her er det skurkane kjem inn i bilete: Klingons! Dei mest blodharry aliens som Hollywood nokonsinne har komme opp med. Under leiing av den kjipe Kruge (Christopher Lloyd frå Tilbake til Fremtiden) er dei ute etter Genesis-prosjektet, sidan evnen til å utrydde ei planet på nokon får minutt er svært så fristande for denne romrasen beståande av utelukkande kjipingar i åttitalsrockerkostyme.
Heldigvis dukkar Kirk opp for å redde dagen, og klare å gjennforene Spock sin kropp og sjel.
Sjølv om historia her er langt meir crazy bananas enn i den forrige filmen, så er den langt frå like forvirrande. Og det er i hovedsak det som gjer denne filmen til ein betre film enn Wrath of Kahn, at ein i heile tatt forstår kva det er som skjer, iallefall til ei viss grad.
![]()
Og så står vi berre igjen med siste filmen i triologien: The Voyage Home.

Her er det verkeleg klart at folka bak filmen har røyka for mykje jazztobakk, for dette er sært sjølv til Star Trek å være. Plottet goes a little something like this: Medan Kirk, Spock og resten av dei middelaldrande romheltane er på veg heim til Jorda frå Vulcan, der dei har i biletleg forstand skrudd hovudet tilbake på kroppen til Spock, er det trøbbel i tårnet på jorda. Det har seg nemleg slik at ut av ingenting dukkar det opp ein gigantisk vedkubbe i rommet, som set kurs mot jorda der den firer ned ei svær discokule som byrjar å sende signal som får klimaet på jorda til å gå bananas, mellom anna ved å fordampe havet. Vedkubba og discokula prøver å kommunisere noko, og er tydleg misfornøgd med ikkje å få svar.
Når Kirk og Co får nyss i dette så klarer dei å finne ut at dei discokula vil ha tak er knølkvalen, problemet er berre at desse kvalane har vore utrydda lenge, så då er det ikkje anna å gjere en å dra tilbake i tid å hente eit par stykker. Å reise i tid er tydlegvis noko ein berre kan gjere utan vidare, det er berre å ta rennafart rundt sola først.
Ein prøver her å gå vekk frå all romdramatikken og heller lage ein film om kulturkolisjonar. Det er rett nok befriande å ikkje høyre meinigslaust teknobabbel i annakvar setning, men møtet mellom Spaceguys og det “moderne” åttitalet blir ikkje det heilt store. Det er sjølvsagt småfifft å sjå ein russar snike seg ombord på eit amerikansk hangarskip (Enterprise, sjølvsagt) midt under den kalde krigen, og det er stas når Spock tar rotta på ein frekk punker, men det er ein ting som legg ein stor dempar på det heile. Filmen gjer det nemlig til sin misjon å preike miljøvern ved ei kvar anledning. Eller God damned liberal tree-hugging hippie bullshit som ekte amerikanarar ville ha sagt det.
Litt moro er det likevel at dei slemme kvalfangarane som holde på å føkke opp heile planen like før slutt er norske. Ein kan tydleg høyre dei rope helvete når dei bommar på kvalen dei er ute etter. Og det er jo altid stas med refransar til Norge i amerikansk film og TV!
Uansett, når Kirk kjem tilbake til framtida med kvalen sin får trestokken og discokula det svaret dei er ute etter og drar sin kos, utan at vi skjønnar noko av kva det var dei ville.
Denne filmen er berre snål. Og ikkje snål på ein god måte.
![]()







