Keyboard Cat: Katten, mannen og legenda
Keyboard Cat er ein stor hit her på bruket, vi har tidlegare oppsumert nokon av kattens bravader i ikkje mindre enn to poster, som du kan sjå her og her, før vi toppa det heile med Keyboard Cat sitt greatest moment. No er det på tide å sjå litt bak myta om katten, og finne ut kor denne litt utilpasse pelskula som tok nettet med storm kom frå.
Mannen bak Keyboard Cat heite Charlie Schmidt, ein litt spesiell amerikanar. Du kan jo ta ein titt på heimesida hans, så skjønner du at dette ikkje er nokon Average Joe. Han lever etter mottoet I found that if you do what you love, you never have to work og drive mellom anna som nasemodell. Nase, ja.
Det var ein dag på slutten av åttitalet at vår mann Charlie fann ut at han ville kle på katten sin ei artig trøye og la den “spele” litt på keybordet sitt. Resultatet blei ein video ved navn Charlie Schmidt’s Cool Cat. Den ser slik ut.
Katten heitte for øvrig Fatso, og er desverre ikkje blandt oss lenger.
Men det var ikkje Charlie Schmidt som gjorde Fatso til Keyboard Cat, det var det ein kar ved navn Brad O’Farrell som gjorde. Du kan høyre han fortelle om det her.
Brad O’Farrell var det som kom på å la Fatso spele folk av etter å ha dumma seg ut. Dette er den aller første Keyboard Cat-videoen:
Som det går fram av den originale Cool Cat-videoen så spelar Fatso to melodiar. Det er vanlegvis den første som blir brukt i Keyboard Cat-videoane, men også den andre kan brukast, som til dømes her:
Men kven var det som virkelig gjorde Keyboard Cat til internettkjendis? Jo, det var Stephen Colbert. Då han skulle presantere dagen show til Jon Stewart blei han rett og slett spela av av Keyboard Cat. Du kan sjå det heile her.
Andre kjendisar som har brukt Keyboard Cat er Green Day (som i grunn har blitt litt vel emo for vaksne menn, har dei ikkje?) som har laga denne parodien:







