Dagens is: Båtis
Oioioi, no kjem isbilen! Av og til er det berre riktig å reagere som ein liten unge, eller ein tjukk amerikanar for den del, når ein høyrer isbilen. Løp og kjøp, bokstavleg tala. Og kva vart kjøpt? Båtis!
Båtis, ja. Det er litt av ein røvar. Den ser streng talt ikkje serleg båt-aktig ut, men det får så være. Båtis får fram dei gode sommarminna hos meg. Vi kan jo sjå korleis den ser ut:

85 kroner for ein pakke med 8 båtis i, altså. Litt over ein tiar per is, det er slett ikkje værst. Men korleis er smaken? “Slett ikke værst” viser seg å være ei passande beskriving her og. For den smaker godt, men ikkje fantastisk. Det er ein ganske enkel is: Kjeks, fløyteis og sjokoladetrekk. Og litt jordbærsylte i botnen. Den kunne det med fordel vore meir av. Men ellers er det ikke så mykje å sette fingeren på. Det er langt bedre å sette tennene i den!
![]()







