Dagens is: Creme Chocolat Lys

Endeleg tid for årets første Hennig Olsen-is! I følge reklama er dette kremen av iskrem. Det er kanskje å ta litt i, men den er iallefall lang, lang betre enn isen frå Diplom-is. Alle som er ueinige tek feil. Anyhows, dagens is er Creme Chocolat Lys.

Sånn ser den ut:

smais_0000s_0018_layer_43_copy_87_149h3p_100x100

Den koster tjue kroner, noko som sjølvsagt er altfor mykje for ein så liten is. 13 kroner burde den ha kosta, max 15. Her er det eit klart forbetringspotensiale for iskremprodusenten frå det blide Sørland, som sjølvsagt burde gjere alt som står i deira makt for å tekkast oss gnitne isetarar.

Nåvel. Sjølv om prisen er stiv så kjem ein ikkje vekk frå at denne isen er god. Særs god. Creme Chocolat-isen kjem i tre variantar: den lyse, som det altså er snakk om her, og så har ein ein med cappuchino-smak og ein med mandlar. Utan å ha smakt dei andre vil eg likevel hevde at den lyse varianten er den beste. Forutintatthet er undervurdert.

Det er altså snakk om vaniljeis med sjokoladetrekk. Lys sjokolade, derfor er dette då den lyse varianten. Is med sjokolade, altså. Nothing fancy. Men når isen er god og sjokoladen er god og sola skinner og alt det der, kven er det så ønsker seg noko fancy?

Creme Chocolat Lys, altså. Prøv den, den er god!

n669835073_5005856_4101

Leave a Reply