Vi mimrer: XLTV

XLTV, ja. XL var altså eit program på P3 med Espen Thoresen, som han heitte før han fekk alle desse snåle etternamna, og XLTV var då som dei skarpe knivane i skuffa allreie har funne ut TV-versjonen av XL. Radio på TV med andre ord. I tillegg til programleiara Thoresen bidro og mellom andre ein ung Kristoffer Schau, Johan Golden og Atle Antonsen til XL og XLTV, eit av kringkastingshøgdepunkta frå nittitalet.

La oss like greit ta å sjå på introen til XLTV, så husker du kanskje litt av kva dette går i.

XLTV var å sjå på skjermen heilt på slutten av dei glade nittiåra, frå 1998 til 1999. Heile XL, både TV og radio blei lagt ned i 1999, etter å ha gått ut med eit smell, som det heiter, på Quartfestivalen i 1999. Var det kanskje den gongen dei festa påhengsmotor på ein dau gris og køyrde rundt omkring på vatnet?

Ein ting dei rakk å gjere før det tok slutt var å sprenge ein grevling i ein fryseboks. Det er akkurat like moro som det høyres ut. Berre sjå her!

Mikrobølgeovnen var eit sentralt element i XLTV. Ein kan jo putte så mykje rart inn i ein slik ein. Til dømes lyspærer og kinaputtar.

Eller rotter:

Om du nokonsinne lurte på kor mange Fisherman’s Friends Kristoffer Schau kunne få inn i munnen, så gav XLTV deg svaret på det. Det er synd at ein ikkje lager slik TV lenger.

Skulle det friste med meir av XLTV finn du det sjølvsagt på youtube.

Det blei i si tid gjett ut ein video med høgdepunkt frå XLTV, men sidan VHSen sine glansdager men i desse dagar då berre Blu-Ray er OK (sei OK på engelske sånn at det rimer) så hadde det gjort seg med ein DVD-utgave av denne herlige programposten. Høyrer dokke, NRK?

Det blei og gjett ut ein CD, då med høgdepunkt frå radio-utgåven. Mykje barnsleg moro på denne, som til dømes når Kristoffer Schau ringer dyrbutikken.

XLTV, altså. Det var moro, det!

  1. Den minste bukkene drite sier:

    Er det noen på denne bru som vet hvordan det kanskje muligens er mulig å få tak i CD-utgivelsev til disse gutta? Digitalt eller fysisk er meg nokså likegyldig, selv om det hadde vært fett å ha den stående i hylla.

    Takker for eventuelle hjelpsomme svar

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply