Dagens is: Krone-is Jordbær
Ja, krone-is står på menyen i dag. Ein skikkelig klassiker i is-sortimentet. Krone-isen kan spore historia si så langt tilbake som til 1953. Då den blei lansert kosta krone-isen faktisk slett ikkje 1 krone, den kosta 75 øre. Den heitte streng talt ikkje krone-is heller. Det var først to år seinare prisen steig til ei heil krone. Den prisen sto seg og fram til 1970. Sjølve navnet krone-is kjem frå den isprodusenten som opprinnelig lanserte krone-isen, Slotts-is, som hadde ei kongekrone i logoen sin.

Frå: Diplom-Is
Pris: 10 kroner (Narvesen)
La oss først presisere at denne prisen er eit kampanjetilbod frå Narvesen si side, vanlegvis må du nok ut med 19 kroner for ein jordbærkrone-is frå vår grådige venner i Diplom-Is.
Nåvel, det var altså historie og pris, dei kjedlege tinga, la oss sette tennene i sjølve isen. Ein har altså ein ganske så vanleg fløyteis med litt jordbær i. Eller jordbær og jordbær, det virkar mest som ei slags konsentrert frosen jordbærsylte (og det er faktisk det det er og, i følge produktinformasjonen. Heile 9,5 % jordbærsylte. Ikkje akkurat noko å hoppe i taket for.) Men det smaker jo slett ikkje ille, så det er ikkje noko å klage på.
Det heile er fylt i kjeks, knasande sprø kjeks som strengt talt ikkje smakar noko som helst, men det høyrer då liksom med. Men i det ein nesten har ete opp heile isen sp kjem ein til det kritikkverdige, nemlege sjokolade. Heilt nederst i kjeksen har dei nemleg fylt opp med sjokolade. Sjokolade er jo i og for seg ein fin ting, men når etikketten presiserar at ein faktisk har kjøpt ein jordbæris så har sjokoladen ingen ting der å gjere.
Dette er styggedom og skulle vore forbust ved lov.
Men anyhows, totalinntrykket blir jo ikkje fastsatt av den siste munnfullen. Jordbærkroneisen er vel verdt å smake.
![]()








Har selv alltid sett på sjokoladebunnen som en liten trøst for de som egentlig ville ha Krone-is sjokolade. De av oss som liker Krone-is jordbær har stort sett ikke noe i mot sjokolade, men de som liker Krone-is sjokolade er ofte mer kresne, og trenger en liten bit sjokolade i slutten om de kjøper feil is.
Noe som også er verdt å merke er at allerede i 1972 så kostet den 1,25: http://www.diplom-is.no/index.gan?id=1342&subid=0
Så navnet krone-is var bare korrekt i en knøttliten periode.