Dagens øl: Newcastle Brown Ale
Ny dag, ny øl. I dag tek vi for oss ein øl som faktisk har the one and only skrive over sjølve navnet på etiketten, så det seier seg sjølv at vi ikkje akkurat reise på økonomiklasse i dag. Vi skal nemlig til England, og vi skal drikke Newcastle Brown Ale.

Brown Ale, ja. Det er altså snakk om øl, mørkebrunt i fargen. Newcastle Brown Ale har, som dei skarpe knivane i skuffa heilt sikkert allreie har funne ut, si opprinnelse i Newcastle i nordaust-England. Der er dei jo glade i å ta seg ein øl, spesielt i desse tunge tider har dei jo særs gyldig grunn til å slukke sorgene.
Newcastle Brown Ale hadde tidlegare såkalla Protected Georaphical Staus, ein status som EU gir til spesielle regionale mat- og drikkevarer, men denne statusen blei trukke tilbake i 2005 då produksjonen blei flytta ut av sjølve Newcastle, der ølet hadde blitt brygga sidan 1927.
Newcastle Brown Ale er sterkt knytta til nordaust-England, og det var heilt fram til slutten av åttitalet svært vanskelig for øltørste Geordies på tur i sør- og midtengland, men ein vellykka reklamekampanje gjorde Newcastle Brown Ale til eit ab dei mest populære flaske-øla i England, ein popularitet som og spredde seg internasjonalt, mellom anna i USA.
Men nok historie, vi må jo finne ut korleis dette smakar. Newcastle Brown Ale skal, i motsetnad til ein god del andre engelske øl, serverast kald. Så kald som mulig. Så det er berre å sette isbitane i frysen først som sist.
Newcastle Brown Ale er nemleg vel verdt ein slurk. Faktisk så vel verdt det at det rettferdiggjer ein rimeleg stiv pris, ein får vel sjelden tak i ein boks med dette utan at det kostar over 30 kroner. Men det kan ein jo ta seg råd til innimellom.
![]()







