Dagens is: Comeback
Det er sol, det dra seg mot sumar og det er tilnærma varmt ute. Det er med andre ord på tide med ein is. Men kva is skal ein velge? Isdiskane virka å være større enn nokosinne, og utvalet likeså. Det er derfor berre ein ting den isglade kan gjere: Bruke sommaren til å jobbe seg gjennom all isen som er å finne. Og ein kan likegodt starte her og no, med ein gammale kjenning i ny innpakking, den gamle Drillo-isen Comeback.

Frå: Diplom-Is
Pris: 15.50 (Coop Mega)
Då Drillo gjorde comeback som landslagstrenar så var det jo klart at ein måtte få tilbake Drillo-isen og. Kreativiteten hos Diplom-Is var stor då dei fann på å gje isen det klingande navnet Comeback, sia både isen og Drillo faktisk gjorde, ja, comeback.
Den første Drillo-isen såg dagens lys sommaren 1994, då Drillo og det norske fotballlandslaget skulle legge America for sine føtter i Fotball-VM i USA. Ein kan nok i ettertid fastslå at isen gjorde det betre enn det Drillos gjorde det, sjølv om det ikkje var mykje om å gjere at vi gjekk vidare frå dødens gruppe, som det så fint heitte. 8 millionar Drillo.is blei det solgt, i følge internett.
Sjølv må eg innrømme at ingen av desse åtte millionane Drillo-is nokonsinne fann vegen til min munn og mage, så når eg i dag trakk papiret av Comeback-isen så var det min aller først smak på Drillo-is i noko utgåve. Eg hadde store forventningar.
Men eg blei skuffa. For dette var ikkje noko særleg til is. Trekket (som eg ikkje heilt klare å identifisere kva var laga av) smaka lite anna enn sukker, og var dessutan kritikkverdig tynt. Sjølve isen smakte knapt nok noko som helst, og dei små crunchy kulene inne i isen kunne like gjerne ha vore sand, då dei smaka ingen verdens ting.
Oppsumert: Styr unna Comeback!
![]()







