Dagens øl: Tuborg

Øl er ein fin ting, om det herskar det stor einigheit her på bruket. Men øl er ikkje berre øl. Det finnast øl som berre er søl. Det er viktig å være klar over kva ein drikk. Og kor mykje ein drikk, det beste er jo å halde seg til ei passande mengde. Skjønt, kva som er ei passande mengde vil jo alltid være særs situasjonsbetinga. Derfor vil vi her sette fokus på øl. I dag tek vi for oss ein god gammal røvar for alle oss som hentar mesteparten av pengane våre frå lånekassa: Tuborg.

Ei flaske Tuborg

Ei flaske Tuborg

Tuborg er dansk, men det vist du sjølvsagt. Bryggeriet blei grunnlagt iden 13. mai 1873 i Hellerup utanfor København av ein kar ved navn Carl Fredrik Tiegten, og laga øl etter bayersk oppskrift, noko som visst var populært i Danmark på den tida. I 1875 starta dei med produksjonen av rød tuborg, og fem år seinare fann dei på å byrje med å lage grøn tuborg, som er den tuborgen vi alle kjenner som Tuborg i dag. Iallefall den fargen vi forbinder med Tuborg. Grøn, altså.

Masse Tuborg

Masse Tuborg

Grøn Tuborg er i dag det mest populære ølet i Danmark. Populært er det i utlandet og. Tuborg har til og med blitt nevnt i The Simpsons, som the beer of the danish kings. Det er jo stas. Fullt så eit staseleg image har ikkje Tuborg her til lands, her er det mest kjent som eit billeg øl.

Tuborgtårnet. Dei har faktisk eit sånt i Danmark.

Tuborgtårnet. Dei har faktisk eit sånt i Danmark.

Så kva kokar det heile ned til, kva blir dommen for dagens øl? Det smakar jo slett ikkje så gale. For å prøve meg på eit litt internasjonalt ordspel: Cheap, men ikkje kjip.

n669835073_5005855_39876

  1. Snorre sier:

    Ser vi konturene av en ny artikkelserie her? :)

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply