Vi mimrer: Dr. Bombay!
Det var ein gong ein svenske som heitte Jonny Jakobsen. Jonny var frå Malmö, fødd i 1963 og musikar av yrke. Lenge gjekk han rundt og forsøkte å slå gjennom som countryrockar under navnet Johnny Moonshine, utan nemneverdig suksess. Men so ein dag fekk han idèen om å legge om til ein meir annoying musikkstil, kle seg opp som ein inder og synge tullesongar med tulleaksent: Dr. Bombay var født!
La oss først som sist unne oss eit gjensyn med storhitten Calcutta (Taxi, Taxi, Taxi)
Ja, denne songen var ein av dei store i 1998. Henta frå albumet Rice & Curry, som solgte over ein halv million eksemplarer rundt om kring, noko som gjorde Dr. Bombay til Sveriges mestselgane artist i 1998. Dr. Bombay blei til og med lansert i India, skjønt det er uvisst korleis inderane reagerte på dette spetakkelet frå Sverige. Anyhows, vi må høyre litt meir musikk. Den gode doktoren sin fiffe oppfølgarsingle, S.O.S (The Tiger Took My Family)
No må det innrømmast ein ting: S.O.S var slett ikkje oppfølgarsingelen til Calcutta, det var det Girlie Girlie som var. Men den sangen finnst ikkje fiff, derfor hoppar vi over den. Det var for øvrig endå ein song som blei gjett ut som singel mellom Calcutta og S.O.S, nemleg tittelsporet Rice & Curry. Og den tåler såvisst eit gjennhøyr.
Det var faktisk sånn at Dr. Bombay sitt skivbolag hald lenge Jakobsen sin identitet hemmeleg for folk, for å bevare den mystiske auraen rundt den syngande doktoren frå Bombay. Etter at Dr. Bombay forsvann frå rampelyse dukka det etter kvart fram ein skotsk fetter av han, nemleg Dr. MacDoo. Her fulgte ein same oppskrifta, men utan den heilt store suksessen. Seinare dukka det opp endå ein figur, mexicanaren Carlito, som fekk ganske så stor suksess i Japan.
Sidan dengong har det stort sett vore stille frå vår mann Jakobsen. Og det er vel eigentleg kanskje like greit.








i love your`s music<33