Ace Attorney Investigations: Miles Edgeworth

Jajamennsann, i dag er dagen for lutter glede. I dag er dagen då det blei kjent att til vinteren kjem Ace Attorney Investigations: Miles Edgeworth ut i Europa, og forhåpentligvis då og her til lands. Og det har eg god tru på at blir vilt fiffe greier.

Ja, kva er no så dette for noko spanande tenker du kanskje. Så spanande er det då ikkje, det er meir ein ting for oss spesielt interesserte. Det er altså snakk om eit spel til Nintendo DS, eit spel i ein serie av spel som vi tidlegare har omtalt i positive ordelag her på bruket. Det som er nytt denne gongen er at ein flyttar fokuset frå dei tapre forsvarsadvokatane Phoenix Wright og Apollo Justice til den humørsjuke aktoren Miles Edgeworth. Ein kan vel då spå at fokuset vil flytte seg frå å redde uskuldige frå å bli sendt til galgen til å hekte kjipe skurkar for fæslege brotsverk.

Ein har tydlegvis og skifta frå førsteperson til tredjepersonsperspektiv på det heile, og gir dermed mulighet for hovedpersonen til å bevege seg, noko det ikkje har vore mykje av i tidlegare avsnitt. Spenstige saker, altså.

Vi kan jo sjå ein trailer:

Vår mann Edgworth har altså med seg den lurvete dektektiv Dick Gumshoe som assistent, og i følge wikipedia dukkar den piskeglade Franziska von Karme opp og. Stas.

Vi satsar på at det her vil holde den vanlege standaren både når det gjeld historie og karakterar. Vanleg standar er sjølvsagt strålande!

Forventningspølser:

n669835073_5005856_41016

Leave a Reply