Vi mimrer: Basic Element
Det er i grunn litt rart at musikk frå nittitalet ikkje har fått same ikoniske (eller skal vi seie ironisk ikonisk) status som åttitalsmusikken. Det er då vel så mykje gull å hente frå eurodancens storhetstid. Denne gongen skal vi ta eit nærare falkeblikk på ein av Sverige sine bidragsytarar til denne himelske sjangeren: Basic Element.
Basic Element, ja. Eit av få listetoppande poporkester som har funne vokalisten sin via arbetsfömedlingen. Får det var nettopp det dei gjorde, Peter Thelenius og Kristian Djunited Hansson då dei starta opp i 1992, dei gjekk til NAV sin svenske søsterorganisasjon og søkte etter ei syngedame. Søk og du skal finne heiter det jo, og dei som søkte fann det dei lette etter i dette tilfellet. Zetma Prenbo heitte syngedama dei fann. Så no var alt fryd og gammen. Basic Element fekk platekontrakt og gjekk til topps på listene i Sverige. Men i 1995 blei det trøbbel i tårnet, hangardøra var ikkje skikkelig stengt då flyet var inne: vokalist Zetma blei gravid. Sidan dette er noko som bryt med eurodance’en sine kjerneverdiar (syngedamer skal ha store pupper, ikkje stor mage) måtte dei ut å finne ny syngedame.
Og det fann dei då og. Saunet Sparell heitte ho. Du har sikkert sett ho før, det var ho svenske dama som var med i Hotel Cæsar for nokre år sidan.
Nåvel. Det er på tide å høyre på musikken. Vanlegvis når ein hentar fram tonar frå det glade nittital så er eg positiv til det meste, men sånn her hardcore eurodance må vere noko av det grimmaste vi har hatt for oss sidan vi gjekk Microsoft Songsmith nærare i sømme for litt sidan. Anyhows, her er Basic Element med The Ride:
Vi må sjølvsagt høyre ein song til. Det er litt artig at ein gong i tida var det ein fetter av meg som meinte at dette var den fiffaste songen evah. Trur eg skal ta dette opp med han ved eit passande høve. Uansett, her kjem The Fiddle.
Litt artig med publikum der, ein ser tydleg at dei lett klarer å skjule si begeistring for dette. Men det er jo eigentleg ikkje så rart.
Basic Element er for øvrig still going strong. Denne songen ga dei ut i fjor. Feelings heiter den, og det er strengt tala ikkje mykje musikalsk utvikling å spore.
Det var mimringa for i dag. Men stay tuned, for neste gong byr vi på ein godbit av dei sjeldne: E-Type!








Syngedame + “rapper” = hit på 90tallet.