Vi mimrer: Scatman John

Ja, Scatman John, ein av dei ytterst få artistane med bart som har toppa VG-lista. Han fortjener ein stor diger kjempehaug med respekt berre av den grunn. Men ikkje berre derfor. Historia om Scatman John er historia om mannen som gjorde sitt største handicap til sin største styrke. Det er blitt laga store filmer om slikt. Eller, det har blitt laga mange filmar som har blitt vist på onsdagskveldane på TVNorge om slikt. Anyhows, her får du historia om Scatman John!

Scatman John sitt eigentllege navn var John Paul Larkin, amerikansk jazzmusikar. Vår venn John platedebuterte i 1986. men det var ikkje jazzmusikken som skulle bli det store gjenombruddet for vår mann John. I eit forsøk på å fremme karriera flytta han til Tyskland, og vi veit alle kva slags musikkretning som rula gata i Tyskland på nittitalet: Eurodance!

Men sjølv om det var Tyskland som var tha place så var det ein danske som var tha man når Scatman John sitt gjennombrot på Eurodancescena skal forklarast. Eller, det kan jo godt hende han var tysker likevel. Han jobba iallefall for eit dansk plateselskap, Manfred Zähringer, han som kom på idèen om å kombinere Scatman sin syngemåte med eurodancen. Vår mann John, for dette var før Scatman John-navnet dukka opp, var først skeptisk til dette, men platesleskapet BMG i Hamburg meinte dette påfunnet var sehr gut. Og plateselskapet fekk det som dei ville.

Scatman (Ski Ba Bop Ba Dop Bop) blei gjett ut i desember 1994. Den var ikkje ein stor salsuksess til å byrje med, men etter kvart tok det av. Radiostasjonar rundt omkring tok til å spele sangen, og etterkvart fann og publikum ut at dette var noko å skaffe seg. Scatman toppa etter kvart listene i Østerrike, Belgia, Frankrike, Irland, Israel, Italia, Sveits og sjølvsagt Norge. Det er jo ei stund sia 1994 no, men om du skulle ha gløymt korleis dette høyres ut, så kan vi by på eit lite gjennhøyr her:

YouTube Preview Image

probly the greates man in the worl hes right up there with aberham lincon and martan Luther king jr.

Denne kommentaren står å lese under videoen over her i videoen sin originale youtube-kontekst. Så det er klart at Scatman John var ein høgt respektert herremann.

Men Scatman John kvilte ikkje på laubæra. Ein ny single skulle ut, Scatman’s World. Sånn høyrest den ut:

YouTube Preview Image

Blei suksess denne her og, listetoppar og gullplater i bøttevis. Men dette skulle bli Scatman sin siste storhit. Dei to nesten platene gjorde størst suksess i Japan, og i 1999 døde Scatman John av lungekreft, 57 år gammal.

Men sjølv om Scatman John er død så vil musikken han laga leve for alltid! Scatman 4evah!

Leave a Reply