Vi mimrer: Rednex
I våre serie om musikalsk gull frå nittitalet, der vi tidlegare har sett på klassikarane Captain Jack og Coco Jambo, tar vi no turen frå Tyskland til Sverige. For Sverige var sjølvsagt store på nittitalets musikkmarked. Og det var få som var større enn Rednex. Å kombinere country og eurodance, det måtte jo bli ein suksess?
Rednex er sjølvsagt eit spel på Rednecks, ei urbefolkningsgruppe frå midtvesten i USA.
Nåvel. Rednex hadde sitt store gjennombrot i 1994 med songen Cotton Eye Joe frå albumet Sex & Violins som kom ut året etter. Cotten Eye Joe var (sjokk og vantro!) ikkje ein eigenkomponert song, men faktisk ein god gammal amerikansk folksong som kan spore røtene sine tilbake til før den amerikanske borgarkrigen. Den eldste innspelinga av denne songen er, i følge våre kunnskapsrike venner i wikipedia, frå 1925. Men det er uansett våre svenske helter i Rednex som har den mest kjendte versjonen. Cotton Eye Joe nådde faktisk heilt til 25. plass på den amerikanske Billboardlista i 1995. Respekt!
Her er vi komme til den delen av mimringa der vi bruker å by på ein musikalsk smakebit på det vi driv å mimrar om, men desverre er det slik at Cotton Eye Joe-videoen ikkje er å finne på youtube, berre ein grimm remake av songen med navn Cotton Eye Joe 2002. Den er langt frå like fiff, men du kan høyre den her om du vil. Om du er så fancy av deg at du har Spotify kan du høyrer Cotton Eye Joe og heile Sex & Violins-albumet der.
Men Rednex var faktisk ikkje berre eit one hit wonder, sjølv om det berre var Cotton Eye Joe som gjorde internasjonal furore. Dei hadde då iallefall to hittar til. Vi kan jo nemne Old Pop in a Oak, som i grunn er kliss lik Cotton Eye Joe. Det seier seg derfor sjølv at den er vilt fiff. Her har vi faktisk og ein video å by på.
Og så er det balladetid. For den tredje av desse tre hittane er jo ein ballade. Wish You Were Here heiter den. Du har sikkert høyrt eller iallefall høyrt om ein annan song med dette navnet, men det er altså ikkje den det er snakk om, men derimot denne her:
Vakkert, ikkje sant?
Men etter dette blei det kanske stille frå Rednex. Sjølv om dei har gjett ut både plater og best of-plater så har dei ikkje klart å ta det til gamle høgder. Men dei held no fortsatt på. Rednex har mellom anna delteke i Melodi Grand Prix to gongar, i Sverige i 2006 og i Romania (!) i 2008, utan å kvalifisere seg for den internasjonale finalen.
Siste sprell får Rednex var songen Football is our Religion, ein Heia Sverige-song i forbindelse med Fotball-EM i Sveits og Austerrike i fjor sommar. Songen gjorde det langt betre enn det svenske landslaget, og gjekk heilt til topps på dei svenske listene.








uttrykket rednecks er vel heller et lite flatterende slangord for bønder uten utdanning?
Javel? Dette er nytt for meg.