Ace Attorney – Elektrisk påskekrim

No når påskehøgtida går mot slutten vel vi i DU, treige som vi er, å sette fokus på ein av dei få påsketradisjonane som ikkje involverer egg eller risiko for beinbrot, nemlig påskekrim. For av uvisse årsaker er mord, og oppklaringa av desse storvegs påskeunderholdning i hus og hytter. Ikkje at eg klager, eg liker krimbøker og når Poirot er på TV er det høgtid framfor skjermen. Men det er ikkje berre i bøker og på TV ein kan få si dose påskekrim. Det har seg nemlig slik at ein Nintendo DS er eit perfekt utgangspunkt for å løyse mordgåter.

Nintendos DS, ja. Strålande liten sak, det. No kjem det jo ein ny og endå fiffare DSi, men enn så lenge klarer eg meg fint med min DS lite. Nåvel, det får være nok DS-reklame i denne omgong.

For det er eit spesifikt spel til DS, vi skal fram til. Eller ein serie av spel, om vi skal være nøyaktige. Ace Attorney-serien. Som så mykja anna merkelig kjem dette sjølvsagt frå Japan, utvikla av dei flinke folka i Capcom. Opprinneleg var Ace Attorney-spela Game Boy-spel, men dei blei pussa opp og oversatt til forståelege språk og lansert internasjonalt då dei blei lansert til DS.

Men la oss ta ein kikk på kva dette går ut på. Den språkmektige lesar har sikkert allreie tolka det til at vi skal ut i den juridiske verden, og det er faktisk heilt riktig. Det er faktisk ein form for “advokat-simulator” det er snakk om her. Personen ein styrer i spelet er forsvarsadvokat. Din jobb er å få klientane dine frikjendt for dei fæsleg morda aktoratet meiner å kunne bevise at dei har gjort. Men det er ikkje berre i rettsalen ein skal briljere. I tilegg til å være forsvarsadvokat må ein og være dektektiv. Åstader skal undesøkast, vitner avhøyrast, bevisgjenstandar skal hentast inn, og etterpå skal det heile leggast fram i retten. det er i heile tatt mykje å gjere på. Og det kunne fort blitt kjedeleg. Men det blir det faktisk ikkje. Heile opplegget er så absurd som berre japanarane kan få det til. Ein måter den eine snålingen etter den andre, og historia er like god som karrakterane er snåle.

Men det handler ikkje berre om deg sjølv, ein må jo ha motstandarar. Men det er ikkje alle mordarane som er ute å går som er hovedmotstandarane, men aktorane. Stort sett er desse grimme kjipingar som er meir ute etter å knuse deg enn å avdekke sanninga, og dei tar ikkje fem øre for å sende ein uskyldig til den elektriske stol, berre dei vinn fram med saka si. Ein trivelig gjeng der, altså.

Til tider er dette ubegripelig vanskeleg. Dei mest obskure bevisgjenstandar kan endre alt, og ein må plukke frå kvarandre vitnemål og etterforske sakene på eiga hand for å grave fram sanninga. På vegen møter ein ei rekke av snålinger. Eit artig persongalleri, til dømes voldelege aktorar, småperverse mentalpasienter, sjølvgode sirkusfolk og matglade åndemanarar, og eit festlig og inteligent manus gjer dette til særs artig tidsfordriv, sjølv om spelet stort sett består av å lese tekst. Lite kræsj og bang, for dei som liker slikt.

Det er klart at dette ikkje er noko for ein kvar smak. Vi snakker om eit i all hovedsak tekstbasert spel. Ein styrer ved hjelp av den trykksensitive skjermen på DS’en. Point & Click, som det heiter på utanlandsk. DS’en er jo perfekt til slikt.  Til no er det i alt komme fire spel i denne serien, så vi kan vel kanskje koste på oss ein liten gjennomgang. Set du med store planar om å prøve ut desse spela sjølv i nær framtid kan det forekomme visse spoilers.

Phoenix Wright: Ace Attorney

I det første spelet møter vi den fersk forsvarsadvokaten Phoenix Wright, pen i tøyet og fin på håret, men ikkje akkurat særleg erfaren i yrket sitt. Likefult har han fått seg jobb i advokatfirmaet til Mia Fey, og med kyndig veiledning frå sjefen forsvarer vår mann sin barndomkompis med det tøffe navnet Larry Butz. Men moroa varer ikkje lenge. Allreie i neste sak blir sjefen drept, og det er opp til Wright å forsvare den avdøde sjefens lillesøster, Maya,  for mordet på søstera. Unge Maya blir cessutan vår assistent i resten av spelet. Det er jo trass alt eit japansk spel dette her, så då må jo unge jenter være ein del av pakka. Dei er jo litt spesielle, japanarane. Motstandaren i retten er Miles Edgeworth, bardomsvenn av vår mann Wright, og ein skikkelig sleip type. Men jaggu skal du sjå at ikkje vrier i vendinger i hendingsforløpet snur både opp og ned på forholdet mellom Wright og Edgeworth. Dens femte og siste saka i dette spelet, Rise From the Ashes, er laga eksluksivt til DS-versjonen av dette spelet, og virker litt fiffare i forma enn dei øvrige sakene. Skal vi felle ein dom over dette, så blir den særs positiv.

n669835073_5005856_41012

Phoenix Wright: Ace Attorney – Justice For All

Oppfølgaren held fram i same sporet som forgjengaren. Phoenix Wright skal orden opp i tilsynelatande umulige saker, og det er opp til deg å sørge for at han klare det. Gamplayet, som det så fint heiter, er omtrent det same som sist. Karrakterer frå forrige spel dukker opp att her, i hovedsak Wright sin assistent Maya Fey, som her både blir tiltala for mord og kidnappa. Travel jente. Aktor er i dei fleste sakene Franziska von Karma, tysker med sans for å piske folk. Dette spelet har vi faktisk tatt for oss før her i DU, og skal vi kaste pølser så blir det same antal.

n669835073_5005856_41013

Phoenix Wright: Ace Attorney – Trails and Tribulations

Siste spelet med Phoenix Wright som hovedperson. Her får vi reise i tid og styre gamle saker med Wright sin gamle sjef Mia Fey, så vel som hanksast både hissige mafiosos og maskerte kunsttjuvar med Phoenix Wright. Hovedfokuset her ligg likevel på å samle trådane frå alle desse tre spela, tre av dei fem sakene i Trails and Tribulations høyrer i ei viss grad saman, og skal nøstast opp i dens aller siste saka her. Åndemaning, ufrvillig isbading og tvilsomme kunstnarar er sentarle ting i historia japanarane har kokt i hop, og det er slett ikkje dårlig. Motstandaren her er den mystiske Godot, garantert den tøffaste personen som nokonsinna har våre framstilt på ein DS. Pølsekast? Ikkje mykje originalitet denne gongen heller.

n669835073_5005856_41014

Apolo Justice: Ace Attorney

Nytt spel og ny hovedperson. Men unge Apollo Justice er nærast ein blåkopi av Phoenix Wright, den raude dressen til tross. Men med ukueleg optimisme og ein respektabel sveis tar han fatt på oppgavene. Dette er det første spelet i serien som er laga spesifikt for Nintendo DS, og det gjer at ein får ein del fleire fancy funksjonar å styre med, fingeravtrykk og liknande. Unge Justice har og den praktiske evna for ein advokat å kunne sjå på kroppsspråket til folk om dei skjule sanninga. Vår gamle helt Phoenix Wright dukker og opp, denne gongen har han lagt advokatdressen på hylla og livnærer seg som pokespelande slask. Han har og via visse omvegar skaffa seg ei tenåringsdatter, slik liker jo japanarane, og han må dessutan forsvarast for ei mordanklage. Apollo Justice skiller seg ikkje i særlig grad frå forgjegarane, her får vi berre meir av det same. Og det er på inga måte ein negativ ting. Ein av klientane, wannabe-ganstahen Wokcy Kitaki, er kanskje den artigaste figuren i heile serien. Den største nedturen er faktisk motstandaren i rettsalen, sjølvdiggaren og rockeguden Klavier Gavin, som er så kjedelig at han kun er ute etter å avdekke sanninga i dei ulike sakene, framfor eit ubegripelig behov for å knuse vår mann i rettsalen, slik som i dei forrige spela. Men likevel, liker ein dei forrige, så liker ein dette.

n669835073_5005856_41015

Ein ting til som må nevnast er musikken. Den er rett og slett srålande. Eller, så strålande som det kan bli på ein DS. Men likevel, musikken er fengande på ein snål måte. I Japan fenger den så mykje at det er gjett ut plater med musikken frå Ace Attorney spela, eit med jazzversjonar og eit med orkesterarrangement. Om du skulle være interessert kan du høyres eksmepel på dei to hennoldsvis her (jazz) og her (orkester).

Det neste spelet i serien,som mest sannsynleg får navnet Ace Attorney Investigations,  kom ut i Japan i forrige månad. Her er hovedpersonen Phoenix Wright sin gamle rival Miles Edgeworth. Her er det nok om å gjere få kasta slemmingar i fengsel framfor å frå klienten frikjendt.

Så om du er den heldige innehavar av ein DS, og er på jakt etter hjernetrim og tidsfordriv, her er altså tingen for deg!

Leave a Reply