Å blø for drakta

Egil Olsen sin første heimekamp i Drillo sin andre periode som landslagssjef enda som dei fleste sikkert har fått med seg med at Norge slo Finland 3-2. Men, som Drillo sjølv seier, resultatet var betre enn prestasjonen. Vi fekk sjå ein heller middelmådig fotballkamp mellom to jevne lag, der finnane spelte seg til flest og størst sjanser. Men det som fekk mest oppmerksomhet etter kampen var måten Morten Gamst Pedersen reagerte etter å ha scora det avgjerande målet på overtid.

Morten Gamst Pedersen, ja. Han var nemlig ikkje mykje blid, trass i det fine målet han nettopp hadde scora. Gamsten si gestikulering og fuck you-rop til publikum etter å ha blitt bua på gjennom store delar av kampen har naturlig nok vekt reaksjonar. Frode Olsen kallar det neandertaleroppførsel. Ein kan sjølvsagt forstå at Gamst blir frustrert av å bli bua på. Gamst har eit dårlig rykte på landslaget, eit rykte som i stor grad er ufotjent. Det er kanskje uprofesjonell oppførsel av Gamsten å reagere slik, men reaksjonen er i aller høgaste grad forståeleg.

Det værste med at Gamsten roper fuck you til publikum er jo at ein eigentleg bør kunne forvente at ein nordlending behersker kunsten å banne på morsmålet.

Men når vi er inne på Gamst Pedersen, det dårlege rykte han har på seg på landslaget kjem av to ting: Det første er at han beviselig har spelt fleire dårlege landskampar, den andre grunnen er rett og slett jantelov. Det er ikkje det at eg forsvarar dette jåleriet som ein finn hos ein god del fotballspelarar, men den overdreven bruken av hårprodukt er i svært liten grad relevant for prestasjonane på bana.

Men det har altså spredd seg ei oppfatning av Gamst Pedersen blandt det norske fotballpublikumet, ei oppfatning av at Gamsten ikkje blør for drakta. Å blø for drakta er nemleg blitt eit uttrykk for kva ein forventer av det norske landslaget. No er jo dette strengt talt eit uttrykk for å legge ned ein god innsats i spelet sitt, men om publikum ikkje er fornøgd med ein spelar sin innsats så er vegen kort til buing, piping og fastslåing av at vedkomande ikkje blør for drakta.

Men det er jo og slik at den største andelen norske landslagsdrakter finn ein ikkje på bana, men på tribuna. Likevel er det ingen som set krav til at publikum skal blø for drakta. Ingen set krav til at publikum skal støtte laget og bidra til å skape stemning rundt kampen og gjere det heile til noko meir enn 11 mann i rødt, 11 mann i blått og ein ball.

Nei, publikum skal berre sitte der og la seg underholde. Meiner dei underholdninga ikkje er god nok så er det fritt fram for buing op piping. Greit nok, moderne fotball er ein unerholdningsindustri, og fotballkampar blir i dagen mediekvardag markedført som underholdningsprodukt. Det kan jo då hevdast at publikum har rett til å vise misnøye når dei betaler i dyre dommar for billettar til ein kamp som viser seg å være heller laber underholdningsmessig.

Men eg vil likevel hevde at den som i fullt alvor trur at ein treningskamp mellom Norge og Finland ein tidleg aprildag på ei brun-grøn Ullevål-matte kjem til å bli ein höjdare ikkje heilt forstår seg på den idretten han har valt å gå å sjå på. Slike kampar er som regel definisjonar av middelmådighet.

I går fekk vi sjå ein middels fotballkamp, med tre fantastiske overtidsminutt. Tre minutt tilleg, tre scoringa. Det er slike augeblikk som gjer fotball fantstisk.

Leave a Reply