Topp 3 i Melodi Grand Prix. Ever.
No til helga begynner Den Ukentliges store nedtelling til den enda større finalen i Eurvisjonens songtevling i Moskva. Som ein aldri så liten warm-up byr vi her på dei tre beste bidraga i Grand Prix-historia.
Førsteplass:
Guildo Horn – Guildo hat euch lieb
Ja, Tyskland sitt bidrag frå 1998 er tidenens Eurovision-sang. Ein tynnhåra, men likevel hårete, gammal tyskar kledd i grønt som spring rundt på scena, gal som ein kost, klatrar i veggane og gjer publikum tydleg ukonfortable med sine særs upassande tilnærmingar. Sangen handler om at Gulido elsker alle. Betre blir det ikkje. I alle andre land enn Tyskland hadde dette kun kunne skjedd om det var eit opptakt til ein TV-serie ala The Office. Det er ubegripelig pinlig. Førsteplassen er udiskutabel.
Andreplass:
Lordi – Hard Rock Hallelujah
Vi må sjølvsagt ha eit nordisk bidrag med på lista, og då er Lordi eit sjølvsagt val. Dei finske hardrockarane, som klær seg som om dei skulle ha godt amok på kostymelageret til Ringenes Herre-filmane i tung anfetaminrus er virkelig ikkje noko ein ser kvart år i sclägerfestivalen. Vant heile sjiten gjorde dei og.
Tredjeplass:
Tereza Kerndlova – Have Som Fun
Ja, vi skal altså ikkje lenger tilbake i tid enn til i fjor før vi finn tredjeplassen, og tredjeplassen går til kulturnasjonen Tsjekkia. Sjølvsagt skal det glatt innrømmast at denne plaseringa ikkje utelukkande er basert på musikalske kriteriar. Men det er jo forsåvidt ingen av sangane på denne lista heller. Tereza skal rett nok ikkje beskyldast for å være i besittelse av ei fantastisk sangstemme, og sangen ho syng er så lite fengande at det er umulig å huske den etter at den er ferdig. Men alikevel held det til tredjeplass her. Av opplagte grunnar.







