Tippeligaen 09: Überfasiten
Ja, no er det snart tid for fotball igjen. Vi har knapt fått roa oss ned etter at Petter Northug, Ole Einar Bjørndalen og resten av vintersportsfolket har herja i verdensmesterskap i Korea og Tsjekkia, og serieåpninga i fotball falle i år på den tradisjonelle Holmenkoll-helga, som i år slett ikkje skal arrangerast i Holmenkollen. Men uansett, dette er jo den tida av året der alle mulige slags skrotingar skal tippe korleis tabellen kjem til å sjå ut i november. Og når sesongen er over har alle tatt fullstendig feil, og bevist for heile verda at dei ikkje har peiling på kva dei snakkar om. Sjølvsagt kan ikkje vi være noko dårlegare. Her er DU sine tabelltips for 2009!
1. Rosenborg
Rosenborg vinn Tippeligaen 2009 med god margin, kanskje så mykje som ti poeng. Grunnen til det er jo rett og slett at årets RBK-utgåve virker å være så gode at dei andre laga ikkje har mulighet til å henge med. Bredden i stallen til trøndarane er stor, med klassespelarar i alle ledd. Klassespelarar i tippeligasamanheng, iallefall. Nåvel. Det som kan være eit minus med alle desse storspelarane som RBK har på lønningslista er at enkelte vil ut i verden for å stå på lang fiffare lønningslister i utlandet. Det kan jo skje med fleire spelarar, Skjelbred, Tettey og Sapara i første rekke, allrei til sommaren. Men RBK har jo i vinter at dei klarer å tiltrekke seg spelarar, så om det skulle blir salg i trøndelag, så blir det granatert kjøp og.
Svenske trenarar er jo i vinden som aldri før, og RBK sin svenske trenar virkar å være ein av dei betre. I tillegg har Sigar-Erik ein egenskap som ikkje mange norsk trenarar har, menlig evna til å forstå at formasjon ikkje er eit synonym for spelestil. Å sette opp laget utifrå ønske om å spele ein bestemt formasjon, sjølv om ikkje spelarmaterialet passar til denne formasjonen har vore ei av årsakene til at RBK har vore heller lite å skryte av dei siste åra, med untak av hausten 2006. Men i år blir alt så meget bedre, og allreie no kan vi gratulere Rosenborg med gullet.
2. Stabæk
Dei regjerande serimesterane har flytta frå kråkeslottet Nadderud og inn i Telenor Arena, ein grå og kjedelig boks som ikkje akkurat yter den fin fotballen Stabæk spelte i fjor rettferdighet. Men i motsetning til dei felste andre lag som bytter stadion så kjem Stabæk fortsatt til å prestere godt. Så godt at det blir sølvmedalje på dei. Grunnen til at det ikkje blir betre er først og fremst at laget er litt dårlegare enn i fjor. Alanzinho og Gunnarson er vekke, og erstattarane Kobayashi og Hoff er ikkje i stand til å fylle skoa til forgjengarane fullt ut. Begge er gode fotballspelarar, bevares, men Alanzinho og Gunnarson var, som Nils Johan Semb seier, outstanding i fjor, og med desse vekke er Stabæklaget som heilhet svekka.
Men ikkje så mykje svekka. Laget er solid og trenaren er god, men stallen er tynn. Men likevel, Stabæk blir å finne i toppen fordi Nannskog scorar mål, fordi Farnerud på midtbana eigentleg er atfor god for tippeligaen og fordi forsvaret er solid og keeperen er det same.
3. Lillestrøm
Ja, i år blir det medalje på Lillestrøm. Økonomisk vanskelegstilte som dei er, så er det nok ikkje sikkert dei har råd til å feire meg kake og brus, men Henning Berg & Co kan nok i det minste koste på seg eit smil om munnen ut i november. Men gode resultat til tross, LSK får nok, nærast sjølvsagt, få nye fans i løpet av sesongen. Det kjem nok til å bli ein del 1-0-kampar som sikrer poengfangsten. Eit solid forsvar, med den spennande Håvard Nordtveit, som i år får vist fram for tippeligapublikumet om han er så god som alle skal ha det til, eller om han berre er eit boytoy for Arsene Wenger bort i London.
Men korleis kan dette LSK-laget som var så dårlige i fjor ta medalje i år? Grunnen er enkel: Fjorårets LSK-lag var gode nok for medalje på papiret. Årets utgave er gode nok i realiteten. Forsvaret er tett, Olivier Occean scorar mål, midtbane er spennande, spesielt lillebror Riise, som må prestere i år om han skal få oppfylt draumen om å komme seg ut i Europa og late som han er superstjerne. At Henning Berg er trenar er jo og eit pluss. For han er flink til å være trenar. La oss håpe han berre blir ut denne sesongen på Åråsen, og tar over landslaget til vinteren.
4. Vålerenga
Ja, Vålerenga blir nummer 4. Vanskelieg å tru no i mars, det er helt riktig, men sånn er det. For Vålerenga har faktisk eit spennande lag på gang. Ein god keeper, ei solid midtbane og ein spiss som scorer mål. Det som hindrer Vålerenga frå å blande seg inn i medaljekampen er forsvaret. For det er ikkje mykje å skryte av. Erik Hagen har i sesongoppkøyringa vist at han har det meir i kjeften enn i føtene, og landslagsspelaren Kjetil Wæhler har dratt til Danmark. Han er ikkje erstatta. Nåvel, alt er ikkje håplaust for blåtrøyene frå Oslo, det offansive spelet deira vil nok skaffe ein del poeng, sjølv om dei nok treng noko tid på å finne forma.
Ein ting som virkelig er problematisk med å tippe VIF så høgt oppe er at Vålerenga i særklasse er verdas mest usympatiske fotballlag. Ufyselege fans får ta skulda for det. Klanen er omtrent like sjarmerande som kraftig diarè. Det er ikkje vanskeleg å ønske Vålerenga nord og ned, men desverre blir det lang frå nedrykk for VIF i år.
5. Tromsø
Tromsø gjer det bra i år, akkurat som dei gjorde sist Per Mathias Høgmo var trenar der oppe. Og akkurat som sist Per Mathias Høgmo var trenar, så kjem Tromsø til å starte årest sesong vilt bra, men så dabbar det av utover hausten. Det held likevel til ein femteplass.
Tromsø har jo vore veldig gode i vinter. Det er jo vel og bra, men det hjelper ikkje når poenga skal delast ut. Når Reginiussen drar til utlandet i sommar blir laget svekka, og då klarer ikkje TIL å holde same nivået heilt inn. Men det held uansett til femteplass. Så er spørsmålet om Høgmo sin motivasjon for å være trenar held seg like sterk heile tida. Ut denne sesongen gjer det nok det, men det spørs om fenteplasse er nok til å sikre seg at Høgmo blir med vidare. Men uansett, Tromsø blir sterke i år, men ikkje så sterke som alles skal ha det til. Dei blir nummer fem
6. Molde
Molde kjem til å gjere det bra i år. Jose Mota er god for 10-12 mål, og han har to særs spennande senegalsarar rundt seg, Mame og Pape Diouf. Tenk at media ikkje gjer meir ut av dei ordspela navna til desse to innbyr til. Nåvel, angrepet er bra, midtbana er solid, Berg Hestad og Hoseth er kanskje ikkje akkurat nokon sjarmtroll, men gode fotballspelarar er dei begge.
Sjølv om dei ikkje akkurat har verdas beste dekning på benken, så har Molde eit solid lag, med gode spelarar i alle ledd. Spesielt angrepet ser som sagt sterkt ut. I tillegg har dei ein god trenar, og summen av alt dette er at Molde gjer det særs bra i 2009 og ender på sjetteplass.
7. Brann
Brann finn vi på sjuandeplass i år. Eigentleg er det synd og skam at Bergens stolthet blir å finne så langt nede på tabellen, men sånn er det. Bergensarane kan trøste seg med at det blir medalje på Brann neste år. I år er ein mellomsesong. Steinar Nilsen må få tid og tålmodighet nok frå dei som styrer og steller i Brann, inkludert media og supportarar, til å bygge opp att Brann etter totalkolpasen i fjor. Sjølvsagt er han rett mann for jobben.
Men tilbake til årets sesong. Brann kjem til å bli sterke på heimebane, men det er ikkje nok til å blande seg inn i toppen. Det største problemet er kven som skal score måla for Brann. Karadas og Bjørnsson er begge store og sterke, men ikkje akkurat måljegarar, danske David Nielsen veit kor målet stor, men kan fort ende opp med fleire røde kort enn scoringar i år, og Erik Huseklepp, vel, det virker som Husekleppen ikkje helt har forstått at meininga er å sparke ballen mellom stengene, ikkje i eller like utanfor stengene. Når det er sagt, så er ikkje alt like bedrøveleg for Brann, i form er Håkon Opdal Tippeligaens beste keeper, i form er det islandske Ørneredet landets beste stopparpar, og i form er Brann si midtbane spekka med kvalitetsspelara. Problemet blir jo då å finne forma. Det er ikkje sikkert at alle gjer det.
8. Bodø/Glimt
Bodø/Glimt kjem til å åpne sesongen svakt, frykteleg svakt, og vil ligge i nedrykksumpa til godt ut i mai. Men så går det betre. Når Glimt først finn forma så kjem poenga til å ramle inn, iallefall på heimebane. Sjølv utan Trond Olsen, som var den store stjerna i fjor, så kjem Glimt til å fortsette i same spor, og dei kjem til å lykkast med det. Glimt er eit artig lag, eit lag som spelar fotball på sin måte og som stadig tryller fram spennande spelara, både frå eigen rekker og frå utlandet, som saman med veteranar som aldri synast å bli for gamle sørger for at Glimt er å rekne med i norsk fotball.
Kåre Ingbrigtsen er ein spennade trenar. No står han ovanfor den vanskelege andresesongen, men det blir nok ikkje noko problem. Glimt spelar sin fotball og tar det dei treng av poeng, så då blir det ein sesong i trygg avstand frå både nedrykksstrid og medaljekamp.
9. Lyn
I år er ikkje Lyn best i byn, Lyn kjem til å ende på ein anonym niandeplass. Anonym er i heile tatt eit godt ord for å beskrive Lyn. Få fans, få tilskuarar, lite mediedekning, lite penger og så vidare. Dei er flinke til å utvikle talent, spesielt taltefulle ungdommar frå Afrika, men i år dukker det nok ikkje opp nokon trollmann som Lyn kan selge med milliongevinst.
Kent Bergersen har tatt over etter Henning Berg, utan at kursen er lagt om nevenverdig. Lyn blir nummer ni, meir er det ikkje å seie om den saka.
10. Fredrikstad
Her er det snakk om årets nedtur. For alle i og rundt FFK, altså. For resten av oss er dette ein varsla nedtur. For aldri i verden om FFK tar medalje i år igjen, dei kjem ikkje til å være i nærheten. For i motsetning til tidlegare års tendens der regjerande seriemester har fått ein katastrofesesong, er det i år fjorårets sølvvinnarar som får nedturen. Det blir nok lite populært, og Anders Grönhagen blir årets første trenar som må forlate jobben.
Men kvifor denne nedturen, spelarstallen frå i fjor er då inntakt? Stort sett, iallefall. Joda, den er inntakt, men ikkje forsterka. Dessutan har fleire nøkkelspelarar vore skadeplaga, og som kollektiv er årets utgåve svakare, lang svakare. Ei dårlege serieåpning ødelegg mykje av atmosferen i FFK, og til slutt endra dei på ein kjedelig tiandeplass.
11. Odd Grenland
Årets sterkaste nykommar.Ikkje berre var dei gode i fjor, som einaste av nykommaran har dei faktisk forsterka seg nevneverdig før tippeligacombacket. LSK-floppen Simen Brenne kan fort slå til, og brasilianaren Miorando er spennade. Kovacs på topp er og flink til å score mål. I Adeccoligaen, that is. Men han setter nok inn ein 5-6 mål i år og.
Trenar Fagermo er nok så langt unna å være eit sjarmtroll som det går an til å komme, men det er jo ikkje nødvendigvis negativt. Hank klarer å lose dette Odd-laget til sikkerplass med god margin, takka være ein stall med ein god del rutine, og spennade talent. Odd blir nummer 11, og bør være fornøgde med det.
12. Aalesund
Det er ein grunn til at AaFK styrer klar av direkte nedrykk i år, og det er Kjetil Rekdal. Rekdal klarer å piske det lille ekstar ut av det ikkje akkurat spektakulære mannskapet som iklær seg oransje trøye i Ålesund i år, og derfor blir det ikkje noko gjenntaking av fjorårets kvalifiseringsspel. Men det blir ikkje akkurat noko toppplasering heller.
Aarøy er forstatt stor som eit fjell, med Drillo som landslagssjef er han plutselig landslagsaktuell og, noko som i bunn og grunn berre skulle mangle, spisskompitansen tatt i betrektning. Nåvel, rundt Aarøy er det mykje ymse. Den nye mannen frå Jamaica, Demar Phillips, er spennade. Midtbana til Aalesund er også spennade og ganske solid, men ikkje noko å hoppe i taket for heller. Bakover på bana er det litt tynnare i rekkene, men Rekdal klarer nok å sy dette saman på ein måte som gjer at det ikkje blir altfor store lekasjar bak. Derfor blir Aalesund nummer 12.
13. Viking
Viking har gjor det særs stusseleg i årests sesongopkøyring, og toppa det heile med å få grisebank av Rosenborg sist helg. I tillegg til å spele dårlig fotball har Viking endå ikkje greidd å ansette ny assistenttrenar etter at Gunnar Halle slutta etter fjorårssesongen. Men la oss sjå på spelarane Viking har å rå med: Ein god keepertrio, først og fremst. På papiret er stallen solid, men i prakisis er ikkje dette Vikinglaget mykje å skryte av. Først og fremst, kven skal skåre måla? ijeh? Niang? Det er større sjanse for at Thomas Myhre scorar ti mål i årets sesong enn nokon av desse to. Alt i alt ser ikkje stallen særlig styrka ut i forhold til i fjor.
På benken sit Uwe Rösler, mannen som virkar å ha kronisk dårleg humør. Kanskje det er dette som er årsaken til at Viking ikkje evnar å lure fram anna enn hånflir frå publikum i år? Rösler får sparken i slutten av august, og Tom Nordli kjem inn og fører Viking til trygg plass. Det er i heile tatt mykje som minnar om 2006-sesongen med årets utgåve av Viking.
14. Strømsgodset
Strømsgodset, ja. Fjortandeplass er kanskje litt i overkant når ein ser på kva spelarmateriale Drammensklubben har tilgjengeleg, men likevel ungår dei direkte nedrykk. Først og fremst fordi nedrykkslaga er så dårlege, ikkje fordi Godset er så gode at det gjer noko. For gode er dei ikkje. Fleire nøkkelspelarar er vekke frå fjor, og erstattarane lyser det ikkje akkurat toppkvalitet av.
Spørsmålet er først og fremst kven som skal score måla for Godset. Forsvaret dei stiller med er jo heilt katastrofe uansett, så Godset må score mål for å ta poeng. David Nielsen er vekker. Unge Marcus Pedersen er lovande, men får nok ikkje midtstopparar rundt om kring til å ligge våkne om natta og grue seg til kampane mot Strømsgodset. Det blir altså ein kjip sesong for Strømsgodset i år. Ein kjip sesong for eit kjipt lag.
15. Sandefjord
Sandefjord var eit godt førstedivisjonslag i fjor, og er eit godt førstedivisjonslag i år, i den forstand at forsterkningane dei har skaffa seg minner meir om førstedivisjonsspelarar enn om folks som skal herje i tippeligaen. Så då blir det nedrykk for gutta i blått frå kvalfangarbyen.
Og kjem vi til å sakne dei? Neppe. Verdas mest anonyme tippeligalag, det var knapt nok nokon andre enn Sandfjordfansen som i heile tatt fekk med seg at Sandefjord rykka opp i fjor. At Sandefjord i tillegg har det kjipaste stadionnavnet i heile verden, komplett.no Arena, gjer at dei aller fleste utanfor Sandefjord sine bygrenser vil være berre glad for å bli kvitt Sandefjord når hausten kjem og nedrykket er klart.
16. Start
Det ser stusseleg ut på bana for årets Start-lag. Spelarstallen består stort sett av gamlingar som det slett ikkje er sikkert at har det som skal til for å prestere på toppnivå lenger, og talent som aldri slo gjennom. Sørlandsklubben er derfor avhengige av at nokon av nykommarane frå utlandet fikser biffen. Problemet er jo at kvar gong Start henter ein utlending, så ender dei opp med ein flopp. For vi husker jo Alex Nyarko, vi husker Ygor, vi husker tl og med Anthony Annan, som viste seg å være ein storvegs spelar så fort han kom seg vekk frå Sør Arena. I år er det Christian Bolanos som visstnok skal være tha shit i Kristiansand. Og han bør være god, for resten av laget til Start skremmer ingen. Tippeligaens klart dårlegaste spelarstall.
På trenarbenken sit Knut Tørum. Start har jo kvitta seg med Arne Sandstø, som trente dei til opprykk i fjor, og laga mykje spetakkel i vinter før dei til slutt enda opp med Tørum som trenar. Han er ikkje god å bli klok, på denne Tørum. Han gjorde det godt som trenar i Moss, blei henta til Rosenborg som assistent til Høgmo, tok over då Høgmo gav seg og førte RBK til gull. Neste sesong fekk han sparken. Han kjem nok til å få sparken i år og, ikkje fordi han gjer ein dårlig jobb, men fordi Start kjem til å gjere ein fryktelig dårlig figur i årets serie uansett.
Sesongen 2009 oppsumert:
Medaljer: Rosenborg, Stabæk og Lillestrøm
Cup-mester: Lillestrøm, som slår Tromsø i finalen.
Direkte nedrykk: Sandefjord og Start
Opp frå 1. divisjon: Ham-Kam og Sogndal
Trenarar som får sparken: Knut Tørum, Uwe Rösler og Anders Grönhagen
Trenarane som tek over for dei som får sparken: Bård Borgersen, Tom Nordli og Knut Thorbjørn Eggen
Toppscorar: Trond Olsen, 16 mål. Daniel Nannskog og Olivier Occean blir nummer to, begge med 14 mål.
Ja, det var altså det heile. Når november kjem skal du sjå vi har truffe blink.








Tror du bommer med 4-5 plasser på Viking – men ellers er det ikke langt unna det jeg tror også!
Forskjellen er at du trur, eg veit
At Arne Sandstø kommer til å få sparken høres noe merkelig ut, spør du meg. Men det er likevel ikke den groveste feilen du gjør her. Har en veldig god følelse på Start i år, tror vi kommer til å ende opp på øvre halvdel. Nedrykk er uaktuelt =D
Jeg synes synd på deg, som prøver å spå om noe så uforutsigbart som norsk tippeliga. Du legger hodet på blokka, og er dømt til å gå på en smell. Men du skal ha for forsøket!
Jeg tror kanskje en del av argumentene dine for 14. plassen ble motbevist i går. Og jeg er ikke sikker på om du har fulgt med i vinter.
husk at det er 30 kamper per lag i år og ikke 26. Har vanskelig for å tro at det blir en toppscorer med mindre en 20 mål i år.
bra skrevet
Noe for deg som liker å tippe kanskje? hehe http://www.ontheminute.com/competitions/
idiot må du jo være det er helt sikkert. Faktisk er du en av de du selv kaller en SKROTING…Håper du har andre hobbyer som du er bedre på en denne tippingen din… ikke blir du rik heller… haha
Vålerenga på 4. plass? haha optimist..
Ville ha byttet om plassene på Vålerenga og Viking