Vi mimrer: Coco Jambo!
Ah, nittitalet! Det var tider det. Ikkje minst musikalsk. Og populærmusikkens Mekka på denne tida, det var Tyskland. For dette var eurodancens tidsalder. Den eine storhiten etter den andre sprang ut frå platestudioane i den nyleg gjennforente forbundsrepublikken, og sjefane telte pengar og lo godt av publikums si manglande dømmekraft når det kom til innkjøp av musikk. Det var jo før nedlasting og fildeling blei den nye vinen. Og av alle denne populærmusikken som kom frå Tyskland på det glade nittital var det nok ingen sang som kom i nærheten av Coco Jambo!
Coco Jambo, ja! Vi har vel alle gått crazy bananas på dansgolvet til denne eingong, gjerne, men ikkje nødvendigvis, med ei ironisk tilnærming til det heile. Coco Jambo var framført til den musikkelskande verden av det Mr. President, eit feiande flott navn for eit eurodanceband frå Bremen. La oss først som sist at ein kikk på Coco Jambo-videoen. Det er lov å synge med!
Og når vi snakker om Coco Jambo så snakker vi virkelig om internasjonal storhit. Coco Jambo solgte til platina i Tyskland (300 000 solgte i alt) og Australia, til gull i Sverige og Østerrike og til sølv i England. Coco Jambo toppa listene i Østerrike, Sverige og Sveits, og nådde heilt opp til 21. plass i sjølvaste US of America! Respekt!
Her til lands låg Coco Jambo på Topp 20-lista i 25 veker, med andreplasssom høgaste plasering.
Men la oss ta ei pause frå sangen og sjå litt på sjølve Mr. President. Då dei herja som værst i 1996 besto dette bandet av T-Seven, Lady Danii og Lazy Dee. Ein får gå ut frå dette er kunstnarnavn av noko slag. Lazy Dee er iallefall han trivelige rapparen i bar overkropp, dei to andre er syngedamene. Mr. Persident starta på begynnelsen av nittitalet under navnet Satelite One, men skifta då som du sikkert har skjønt snart navn til det langt fiffare Mr. President. Dei holdt det gåande lenge, sjølv om dei forsvann frå rampelyset etter Coco Jambo, så gav dei ut plater heile nittitalet gjennom. Den siste plata med nytt materiale kom i 2003, in Japan only. Dette er ikkje tittelen på plata, plata kom berre ut i Japan. Men alt håp er ikkje ute! I følge Mr.President sin innholdsrike omtale på tyskspråklig wikipedia så kjem det atter livstegn frå Mr. President til sommaren. Med heilt nye bestning vil Mr. President gje ut singelen Mr. Vain i juni. Aner vi årets sommarhit?
Men nok om framtidsspekulasjonar. La oss holde oss i nåtida. Og noko som kan anbefalast akkurat no er å klikke deg fram til eit besøk på Mr. President sine heimesider. Der har dei nemlig samla saman ein god del videoar som meir eller mindre ironisk hyller Coco Jambo, eller andre Mr. President-komposisjonar.
Om du ikkje synst det er verdt bryet å klikke seg vidare, så fortvil ikkje. Vi gir deg her den allar fiffaste av desse videoane: Coco Jambo Unplugged! Anbefalast!
Coco Jambo er kanskje i dei fleste sitt begrepsapparat ein sommarsang. Men det er også ein julesang. Dette blei også nevnt då vi her i DU i fjor tok for oss alternativ julemusikk. Her er ein festleg video som sikkert kan gje deg julestemning også no i mars:
Men sjølv om Coco Jambo var Mr. President sin aller største hit, var dei og å finne på listen, og på Absolute Music-platene, med ein anna sang: I Give You My Heart.
Heilt til slutt, ein kan ikkje skryte av å være noko serlig til populærmusikalsk fenomen om ein ikkje kan framføre musikken sin på ei scene. Derfor skulle det då berre mangle at Mr. President kunne opptre live. Som ei passande avslutning på denne mimringsstunda om ein av nittitalets største hits, kan viderfor ikkje være dårligare enn å by på Coco Jambo live!
Coco Jambo!








God musikk er tidløs!