DU set matprat.no på prøve
Du har vel sett matprat-reklamene? Kvalmande kjekk norsk ungdom som lagar sunn og god mat i en fei. Det ser så enkelt ut at einkvar gauk kan få det til, og det er sikkert meininga at det skal virke på den måten. Mat er jo som kjendt sterkt vanedannande og dei fleste av oss et mat fleire gongar om dagen. Men har du nokonsinne ete mat du har funne oppskrifta på hos matprat.no? Ikkje det, nei. Ikkje eg heller. Ikkje før no. For denne måndagen tar matredaksjonen steget ut i forbrukarjournalistikken og set matprat.no på prøve.
Matretten som skal tilbredast er Pasta-Pestosalat, ein enkel rett som skal kunne tilberedast på under 20 minutt. Matprat si oppskrift med bilde og alt mulig finn du her. Det ser jo ganske så godt ut.
Men utsjånade er jo ikkje alt. Det må smake bra. Og det må være enkelt, og det må være ferdig på under 20 minutter. Det er berre å stille seg foran grytene og sjå korleis det går.
To endringar i forhold til oppskrifta på matprat kan nevnast, kjøttdeiga er erstatta med kyllingkjøttdeig, som var på tilbud hos Rimi, og pinjekjernene er kutta ut, då det kosta over 30 kroner for en pakke med desse jævla frøa. Landeveisrøveri!
Nåvel, 26:07.96 tok det. Ikkje akkurat under 20 minutter, men ikkje så langt frå heller. Og det må innrømmas at eg godt kunne gjort det fortare, så om eg skal være ærlig så er det ingen grunn til å tru at dette ikkje kan gjerast på under tjue minutt. Enkelt var det og. Koke pasta, steike kjøttdeig og skjære løk. Easy Peasy McCheesy.
Det smakte ganske godt og. Ikkje superfantastisk, men over middels. Så alt i alt ender eg opp med å være fornøgd med mi første erfaring med matprat.no. Tommelen opp!








“Nåvel, 26:07.96 tok det.” – Gjorde du dette for 13 år siden?