Vi mimrer: Captain Jack

jack1

Husker du nittitalet? Ein av dei store på nittitalet var Captain Jack. Men kvar kom han frå? Kor dro han hen? Alle som husker Absolute Music 17 husker Captain Jack sin store hit med same navn som bandet. Men det blei med denne hit’en. Kva skjedde? Følg med når vi her avdekker sannheten om Captain Jack.

Ein ting som er litt artig er at Captain Jack ikkje heitte Jack i heile tatt. Ikkje var han kaptein heller. Captain Jack sitt eigentlege navn var Francisco Alejandro Gutierrez, men når han tok steget inn i showbiz tok han det langt fiffare kunstnarnavnet Franky Gee. Franky blei fødd i Havana, Cuba den 19. Februar 1962, men familien hans emigrerte til Miami medan han var ung. Etter at unge Franky var ferdig med College verva han seg til US Army, og blei stasjonert i Tyskland.

Unge Franky blei snart lei av hæren, men han fekk samstundes opp augene for den tyske musikkscena, og når tenestetida hans gjekk ut bestemte han seg like godt for å bli i Tyskland. Her fekk han ideen som skulle sende han til eurodancens stjernehimmel: Dancesanger om peace og/eller love kombinert med eit drillinstruktørtema frå hans tid i hæren. Sjølvsagt måtte dette bli suksess!

Og suksess vart det! Captain Jack var ein av dei store hittane i 1996, og vi skal sjølvsagt sjå videoen:

YouTube Preview Image

Er det berre meg, eller liknar ho syngedama på ei av jentene frå 2girls1cup? Anyways, sangen er henta frå albumet The Mission og var ein av fire sangar som blei gitt ut som singel derfrå. Merkeleg nok var det berre Captain Jack-sangen som blei ein hit her til lands. Albumet inneholdt og coverversjonar av Take On Me og The Final Countdown.

Sjølv om dei forsvant frå rampelyset her til lands, så slutta ikkje Captain Jack å lage musikk. Dei gav gjevnt og trutt ut nye plater, heilt fram til 2004, då det siste albumet med originalt materiale kom ut. For året etter, i oktober 2005, døde nemleg Franky Gee av hjerneblødning. Eurodancen hadde mista ein av sine største.

Men om Franky Gee var død, så skulle det meir til for å ta livet av Captain Jack. I fjor blei nemleg Captain Jack-navnet gjennoppliva, med ny syngedame og ny kaptein og greier. Desverre er den nye kapteinen ein løk med bling i øyret som ikkje når Franky til ankelen, og den fengande eurodancen er bytta ut med überkjip r’n'b.

YouTube Preview Image

Det finnst heldigvis folk som er langt betre til å ta vare på arven frå nittitalet enn dei som står bak nye Captain Jack. Heilt til slutt koster vi på oss enda ein video frå Captain Jack sine glansdagar, Soldier Soldier.

YouTube Preview Image
  1. Alexander sier:

    Etter jeg hørte den Captain Jack sangen på ny her når du skrev dette innlegget så har jeg hatt den på hjernen siden og jaggu har jeg ikke nynnet på den på de mest upassende steder!

  2. Bjørnar sier:

    Ja, har en først fått den gode gamle nittitalsmusikken i øyrene er det ikkje enkelt å bli kvitt den igjen :)

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply