Blir det noko bra på kino i år?
Kva kan vi vente oss? Animasjonsfilm? Superheltfilmer? Komedier? Krigsfilmer? Sverd og Sandaler? Her tar vi ein liten kikk på enkelte av filmane som visstnok skal dukke opp på ein kino nær deg i løpet av året. I god dagbla’-tradisjon finne vi fram forventningsbarometeret, og deler ut pølser utifrå korleis traileren ser ut, og generell synsing. Redo? Då kör vi!
Terminator Salvation
Terrminator utan Arnold virker litt kjedelig. Riktignok har dei hyra inn muskelberget Roland Kickinger, kjent som Chip Rommel frå fantastiske Son of the Beach, men det blir nok ikkje det same. Kræsj og bang og robotar og greier er jo greit det, men utan Arnold virkar det rett og slett feil å lage ein Terminator-film.
Forventningspølser for Terminator Salvation:
![]()
Star Trek
No skal vi ut i verdensrommet. For i år skal faktisk the Federation Starship Enterprise endeleg få luft under vingene att. Eller, luft er kanskje feil, sia det stort sett flyr der ute i space der det ikkje er så mykje luft å snakke om. Skipet har strengt talt ikkje vinger heller. Men anyhows, dette trur eg kan bli bra. Traileren lover kræsj og bang, stor eksplosjonar, tøffe heltar, fiffe babes og slemme aliens. Det er ei oppskrift på bra film.
Forventningspølser for Star Trek:
![]()
Menn Som Hater Kvinner
Så skal vi til Sverige. Boksuksessen Menn Som Hater Kvinner har blitt til film, og svenskane har slått på stortromma og lover gull og grønne skoger. For det er jo virkelig ei spennande historie ein har med å gjere her, trass i navnet. Spørsmålet er om det blir ein god film. Sjølv tviler eg litt på om filmformatet er det beste mediet å formidle denne historia på, men det går sikkert ann, filmen skal jo visstnok være to og ein halv time lang.
Forventningspølser for Menn Som Hater Kvinner:
![]()
Monsters Vs. Aliens
OK, no må vi nevne ein animasjonsfilm. DreamWorks diskar nemleg opp med Monsters Vs. Aliens. Her følger vi ei gruppe monster, skjult av amerikanske myndigheter, som blir kalla inn til tjeneste når slemme romvesen kjem til jorda og byrjar å lage trøbbel. Som vanleg har ein klart å skaffe eit kobbel av stjerner til å gje stemmer til desse filmane, og her finn vi mellom anna Jack Bauer, Dr. House og Stephen Colbert i rollene.
Forventningspølser for Monsters Vs. Aliens:
![]()
Engler og Demoner
Dan Brown, det er gutten sin det. Her snakker vi konspirasjonsteoretiker på høgt nivå. Han blei verdensberømt og steinrik med Da Vinci-Koden, som det blei laga film av. No er det laga film av forløparen til Da Vinci-koden og, nemleg Engler og Demoner. Dette er i grunn akkurat same historia som i Da Vinci-koden, den berre foregår i Roma i staden for Paris. Men det kan då likevel bli ein god film av det. Eller ein grei film, iallefall.
Forventningspølser for Engler og Demoner:
![]()
Harry Potter og Halvbrodsprinsen
Så skal vi ut å fly på sopelime, for no er det tid for Harry Potter-hysteri igjen. Filmen blei utsatt eit halvt år for at den skulle spele inn meir pengar i sommarsesongen, men så kom finanskrisa og ødela heile reknestykket for grådigpeisane i Warner. Nåvel, bak den tåpelige tittelen skjuler det seg ei histore om snåle bøker og kjipe utflukter til sjøen. Dessutan blir det jo faktisk nesten litt rumpeldunk for vår venn Harry. Blir sikkert ein grei film av det og.
Forventningspølser for Harry Potter og Halvblodsprinsen:
![]()
Istid 3
Jajamennsann, no er det Dawn of the Dinosaurs som gjeld. Men eg klarer ikkje riste av meg følelsen av at dette kjem til å bli ein film laga meir for å tjene penger på eit populært konsept enn at dei faktisk har ein god film på lager. Men om dei får Dagfinn Lyngbø til å gje norsk stemme til dette dovendyret denne gangen og, så blir det sikkert verdt ein tur på kino.
Forventningspølser for Istid 3:
![]()








Må si jeg er usikker på om noen av disse kommer til å bli noe særlig. Star Trek-filmen og animasjonsfilmen ser ganske bra ut, men når det gjelder sistnevnte syns jeg det er år og dag siden sist DreamWorks klarte å lage en god animasjonsfilm! Må likevel innrømme at konseptet høres ganske tøft ut
Nja, som pølsene eg har gitt her indikerer, så tviler eg vel egentlig på at vi har neste års Oscar-vinner på denne liste. Eg ha berre satt op dei filmane eg sjøl kan tenke meg å gå på kino å sjå i år. At min personlege smak og “god” smak angåande film ikkje er forenelige er noko eg er fult klar over
Og i og med at eg ikkje har tatt med Watchmen på denne lista, så kan eg ikkje beskyldast for å være kredsanker heller
Hehe, Watchmen ser jo veldig flott ut, men er også skeptisk. Karen som har laga 300 står bak og den skjønte jeg i hvert fall ikke hypen rundt – makan til bæsj!
Nei, eg tenker meir på den voldsomme hypinga av Watchmen som trendnissane i dagbla driv med, seinast i dag.
http://www.dagbladet.no/2009/02/17/kultur/fllm/watchmen/4904667/
Sjølve filmen har eg inga formeining om, verken om den blir fiff eller ufiff.