Scooter – venn eller fiende?

180px-scooter_in_1999

Kva skal vi egentlig seie om Scooter? Om H.P. Baxxter, som han kallar seg, mannen som virkar å være hovedpersonen bak dette spetakkelet, mannen som ser ut som alle klisjear det er mulig å ha om tyskarar etter å ha blitt indoktrinert av amerikanske WWII-filmar. Mannen som hyler ut lyriske gullkorn som How Much Is the Fish, tonesatt av dunk-dunk-technotrance frå helvete. Ja, kva skal vi egentlig seie om Scooter?

La oss ta navnet først. Scooter. Heisann, folkens! Vi tar og kaller oss opp etter eit motorisert køyretøy! Jess, kjempeide. Alle var med på den, tenker eg. Men kva for eit køyretøy? Det måtte være noko tøft. Ferrari? Monstertruck? Harley Davidson? Massey Ferguson? Nei, dei gikk for den største pingla av eit køyretøy som nokonsinne har hatt ein motor, dei gjekk for Scooter. Forstå det den som kan. Men uansett, Scooter is in das Haus, JA!!

Scooter hadde sitt opphav i det tysk bandet Celebrate the Nun som herja i Hamburg på slutten av det glade åttital. Det var her var her vår blonde venn Baxxter møtte Rick J. Jordan, og det var desse to tøysegutane som er opphavet til Scooter. I 1994 byrja nemleg Scooter for alvor å gjere verda utrygg for alle utstyrt med fungerande øyrer, for då fekk Scooter innpass på dei tyske hitlistene, superultramegahitten Hyper Hyper klatra heilt til andreplass på listene i verdas tredje største platemarked. Og desverre for oss alle, så var det aldri snakk om at Scooter skulle bli eit one-hit wonder. Oppfølgarsangen Move Your Ass, med den udødlege tekstlinja Its nice to be important but its more important to be nice oppnådde ein andreplass på hittlistene.

Og etter det berre fortsatte det. How much is the fish? Respect to the man in the ice cream van! Baxxter og Scooter fortsatte å spre visdomsorda sine tonesatt av skikelig kick ass hardcore techno, og hadde tydlegvis funne gulloppskrifta, og tjente sikkert til salt i såret og vel så det med å ødelegge hørselen til rånara og fjortisar verda over. No i år er det faktisk blitt utgitt eit tributealbum til Scooter, der artistar som mellom anna Bloodhound Gang og Status Quo bidrog med tolkingar av klassisk Scootermateriale. Jajamennsann. Hands on Scooter heitte albumet. Du finn det sikkert på nettet.

Så kva skal ein egentlig seie om Scooter? Det er jo veldig lett å mislike musikken til Scooter. For den er jo ikkje bra. Men eg vil jo påstå at det finnst det som er værre. Justin Timberlake, til dømes. Men uansett, det nyttar vel ikkje å prøve å forstå. Kva det er som får folk til å like det kunstnariske uttrykket til vår 43 år gamle platinablonde monstertyske venn er vel berre eit av livets stor mysterier.

Til slutt må vi jo høyre litt på herrligheten. For your listening pleasure: Jigga Jigga! Denne sangen kom ut i 2003, og nådde ein tiandeplass på listen i Tyskland og, som du heilt sikkert har gjetta, Norge. God fornøyelse!

For øvrig, premie i posten til den som kan fortelle kva som er greia med ho jenta som driv og bær rundt på denne døde fisken i videoen.

YouTube Preview Image

Leave a Reply