DuckTales
Det er mykje som sit igjen i sinnet i frå barndomen. Det var sol heile sommaren, det var alltid snø om vinteren. Is smaka altid godt, uansett kva smak den hadde. Og var det noko som helst form for teiknefilm på TV, så var det sikkert at det var strålande underholdning. Når ein veks opp veit ein at mykje forandrar seg. Det ein sysnt var storveis som liten er ikkje det same no til dags. Spesielt kjem dette fram om ein samanliknar kva ein likte å sjå på TV då og no. Det ein likte då er som regel barnsleg og uniteresannt i dag. Men det finnst sjølvsagt untak. Det finnst jo DuckTales!
DuckTales, ja. Det skrivast faktisk på den måten. På norsk hadde denne serien navnet Ole, Dole og Doffen på Eventyr. Ein for all del dekkande, men likevel svært lang tittel. Her held vi oss til det engelske navnet. Det er meir catchy. Premisset for DuckTales er at at Donald faktisk innser at han i alle år har gått rundt i ein matrosdress, og bestemmer seg for å oppsøke eit miljø der denslags bekledning faktisk passar inn. Join the navy, altså. Ole, Dole og Doffen overlet han til Onkel Skrue, som ikkje akkurat er overbegeistra for å bli ansvarleg omsorgsperson for desse tre. For å lette ansvaret ansetter Skrue husholderska Fru Wagle, som flyttar inn på McDuck-herregården saman med barnebarnet Nebby. På herregården har Skrue vore så råflott at han til og med har ein butler, Andriksen. Og det er desse personane som utgjer storparten av persongalleriet i DuckTales. Donald sjølv opptere berre i eit fåtal episodar.
Eller vent no litt! No holdt eg på å glømme den tøffaste av dei alle: Rotor McKvakk! Under mottoet If it got wings, I can crash it vart den heltemodige, men ikkje særleg dyktige, piloten ein svært populær karakter. Etter at DuckTales tok slutt fekk Rotor McKvakk i ledande rolle i Darkwing Duck, ein slags spinn-off av DuckTales. Andre karakterar som bør nevnast er Petter Smart, som stadig dukker opp, og seriens hovedskurkar, B-gjengen.
B-gjengen, ja. Det er verdt å merke seg at i DuckTales så fekk B-gjengmedlemane eigne navn og individuelle personlighetar, det var ikkje berre kva nummer dei hadde på brystet som gjorde at dei kunne skillast frå kvarandre. Sjefen Boss, matvraket Burger, etterdiltaren babyfjes og boleklumpen Bankjobb. I tillegg hadde ein Mamma B-gjeng, som sjølvsagt ikkje var noko ærleg gamal dame. Andre skurkar som opptrådde var mellom anna Magica fra Tryll, Guldbrand Gråstein og sjølvaste Spøkelseskladden. Om du skulle være interessert i meir om personar og stadar og ting og tang frå DuckTales, så har Andeby Online ein informativ artikkel om emnet.
DuckTales rulla første gong over amerikanske TV-skjermar 11. September 1987, og blei sendt fram til mai i 1990. Til saman blei det laga 100 episodar. Målt i antal episodar er dette den lengstlevande animerte Disney-serien nokon sinne. DuckTales kan og slå i bordet med solide 8,6 i gjennomsnittleg rating på IMDB, så at vi snakkar kvalitets-TV er det ingen tvil om. Det er derfor synd at det virkar som kidsa no til dags ikkje får kjennskap til DuckTales gjennom dagens TV-tilbud. Synd og skam, er det.
DuckTales blei som nevnt veldig populært medan det gjekk på TV. Vistnok er det gjennom DuckTales dei fleste yngre amerikanarar er blitt introduserte for Andeby og alt som foregår der. Når noko er så populært så er det klart at Disney ville melke suksessen for alt som den var verdt. Vi fekk to spel til gode gamle Nintendo (NES), eit spel til PC, ei rekke teikneseriar, og aller viktigast, vi fekk ein film.
Jajamennsann, det var klart ein måtte lage film av dette. DuckTales: The Movie – Treasure of the Lost Lamp kom ut i 1990, nokre månader etter at siste episode av TV-serien hadde gått på lufta. Her leiter Skrue & Co etter Collie Baba sin legendariske skatt, og endar opp med å finne ein lampe med dertil tilhøyrande ånd. Sjølvsagt er dei ikkje aleine om å være ute etter denne lampen, det dukkar etterkvart opp ein særs utrivelig trollmann som gjerne vil ha fingrane sine i denne lampen. Ein film det absolutt er verdt å sjå, om ikkje anna så for Rotor McKvakk sin udødlige komentar etter å ha ødelagt fleire eldgamle ruinar under eit forsøk på å lande eit fly der Skrue driv med utgravinger: It could have been worse, it could have been something new!
Som nevnt, DuckTales er kvalitet. Det er ikkje utan grunn at dette var den første amerikanske animasjonsserien som blei sendt i den tidlegare Sovjetunionen etter at kommunismen sa takk for seg for omtrent 20 år sidan. Er du så heldig å ha tilgang til Toon Disney på TVen din, så kan du no og då sjå DuckTales der. For det er all mulig grunn til å sjå på og gjennoppleve barndomens gleder i ein liten halvtime.







