Knights of the Old Republic

Her om dagen såg eg at NRK3 sendte Revenge of the Sith. Den nyaste Star Wars-filmen, altså. Film nummer seks. Som er nummer tre kronologisk. Og så vidare. For George Lucas bestemte jo seg i eit svakt øyeblikk for å lage tre nye Star Wars-filmar. Det kunne han godt ha spart seg, dei er strengt talt ikkje mykje bra, desse filmane. Ein burde kanskje sett varsellampane lyse då Lucas lot den tredje av dei gamle filmane i stor grad finne stad på ein måne befolka av CareBears, men det var altså ingen som stoppa han. Då er det greit at det fannst folk som evna å lage gode historier ut av Lyssablar, Wookies og the Dark Side. Slike som folka som laga Knights of the Old Republic.

Dette er altså eit spel til PC og Xbox eller Playstation eller kva det no er det heiter for noko. Eit av dei to, iallefall. Som i dei fleste andre Star Wars-spel går det i det store og heile ut på å få hendene i ein slik ein lyssabel, og slakte ned alle som står i vegen for deg, slik at det atter kan bli ro og orden i galaksen. Men det er sjølvsagt vegen ein tar for å oppnå dette som gjer det heile interessant.

For greia er at det ikkje er sjølvsagt at ein er snill gutt (eller jente) i dette spelet. Det kan ein faktisk velge sjølv. Om ein er snill eller slem, altså. Ein kan og velge kva kjønn ein vil figuren sin skal ha. Det er i heiletatt mykje ein kan velge. Heile greia er egentlig avhengig av kva val ein tar undervegs.

For utifrå dei vala ein tar så nærmar ein seg enten til light side eller dark side. Den lyse eller den mørke sida, altså. Men dette høyres rett og slett betre ut på engelsk. Slik at om du vil være kvalmande snill og grei, eller ein gjennomført kjiping. Det er altså opp til deg sjølv.

Men så var det sjølve spelet. Det heile starter med at ein vaknar opp på eit romskip som blir angripe av andre romskip. Det først ein må gjere er altså å komme seg vekk frå slemmingane som skyter på skipet ditt. Eller, aller først må ein faktisk kle på seg. Ein kan jo ikkje springe rundt og drepe bad-guys i berre undertøyet heller. Deretter ender ein opp på ei planet der ein pleier omgang med diveres folk og røvarar, deriblant ein guffen leigesoldat og ein følsom Wookie. Det ein er ute etter her er å spore opp ei skikkelig drittkjerring av ein jedi. Til slutt blir heile planta bomba i småbitar, og etter det blir det berre betre!

No skal eg ikkje avsløre kva heile greiene går ut på her, men ein kan jo seie at historia i KOTOR er langt betre enn det ein fekk servert i dei nye Star Wars-filmane. Historia er så god at ein heller kunne laga film av den. (Film, ja! Det er jo enklte som har forsøkt å lage film av dette. Om du vil kan du jo ta ein titt). Og det best med historia er jo at there’s a twist, som dei sa i Paradise Hotel. Om du lurer på kva denne twisten er det berre ein møte å finne ut av det på. Du komme til å bli overraska. Til og med Aftenposten blei det.

Knights of the Old Republic, altså. Anbefalast!

6

  1. Snorre sier:

    KotOR er et strålende spill. Bra story, flott grafikk (i sin tid) og et fantastisk gameplay. Holder seg faktisk fremdeles på tross av en foreldet grafikkmotor.
    Er jo verdt å nevne at det kommer et tredje spill i serien om ikke så alt for lenge. Toeren var jo OK, men nå er heldigvis BioWare (bak originalen) tilbake i utviklersetet. Star Wars: The Old Republic kan fort bli det som gjør MMORPG-sjangeren spennende igjen! Video her: http://www.gamer.no/videoer/7799
    Med tanke på at KotOR er ganske gammelt kan det også være verdt å sjekke ut Mass Effect. Samme utviklere, bedre grafikk og en omtrent like bra story. Finnes på PC for de som ikke har en Xbox.

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply