Folkehelten Don Rosa

Alle burde lese Donald, det er iallefall den redaksjonelle linja her i gården. Men Donald er ikkje berre Donald. Den hissige anda i matrossdress har fleire sider ved seg sjølv enn dei fleste ender. Den påvikrande variabelen for korleis Donald oppfører seg er sjølvsagt kven det er som teiknar han. Og det må være lov til å hevde at ein av dei aller flinkaste til å teikne vår fjærkledde venn er Don Rosa.

Don Rosa, ja. Eller Keno Don Hugo Rosa, om ein skal være formelle. Men det er jo klart, alle som har same navn som eit spel frå Norsk Tipping, Keno altså, vil nok hoppe på først muligheten dei for til å kalle seg noko anna. Så då blei det Don Rosa. Don blei fødd i Kentucky i Sambandsstatane i 1951. Han utdanna seg til sivilingenør ved University of Kentucky, der han gjekk ut i 1973. Men som dei fleste sikkert er klar over, så blei det ikkje først og fremst sivilingenøreferdighetane sine han blei kjendt for.

For Don Rosa byrja tidleg å tegne. Faktisk så tidleg at han endå ikkje hadde lært å lese, og måtte får foreldra til å fylle teksten inn i snakkeboblene i seriane han tegna. Men det skulle gå lang tid før Don Rosa fekk oppfylt draumen om å leve av å lage tegneseriar, og då spesielt tegneseriar om Skrue McDuck. Don Rosa var nemleg stor fan av Carl Barks, tegnaren som så og seie befolka Andeby nærast på eiga hand. For Don Rosa var det viktigare å vidareføre arva etter Carl Barks enn det var å vidareføre familiefirmaet. I 1986 fekk Rosa kontakt med redaktøren i forlaget Gladstone, og fekk ja til å byrje med å jobbe fram i historie som forlagte kunne gje ut. Historia kom ut året etter, og fekk navnet Solens Sønn. Sidan dengong har Don Rosa jobba med tegneseriar på fulltid. Ei langt meir fyldig utgreiing om Don Rosas liv og virke kan du finne her.

Det var altså onkel Skrue som var Don Rosa sin favorittkarrakter i Andeby-universet. Mange kjenner nok til The Life and Times of $crooge McDuck, som det heiter på originalspråket, ein biografi i tolv delar om onkel Skrue sitt liv frå barndomen i Glasgow til ein tilverelse som verdas rikast mann, og rikaste and, for den del, i Andeby. Don Rosa lot dei fleste av sine historier finne stad på 50-talet, i same tidsrom som Carl Barks sine Donald og Skrue-historier fann stad. Han meinte det ville være feil å ta desse figurane ut frå den tidsperoden dei var skapt i. Dei historiene som ikkje finn stad i denne tidsperoiden er då dei som utspelar seg i “fortida”, då i hovedsak tilbakeblikk på Skrue sin veg til rikdom.

Kanskje gjer du som meg, og kastar eit blikk på Donaldbladet i bladhylla på butikken no og då for å sjå om det kanskje er ei ny Don Rosa-historie i vekas blad. Vel, det kan du i grunn slutte med. Don Rosa har nemleg pensjonert seg, og vil ikkje lenger lage Disney-tegneseriar. I fjor sommar, under ein tegneseriekonferanse i Danmark, kunngjorde Rosa at han ikkje lenger vil lage teikneseriar grunna misnøye med betalinga si, gjentatte konflikter vedrørande opphavsretten til seriane sine med utanlandske forlag og synsproblemer. Dei flest kan jo skjønne at det kan være trick å skulle livnære seg av å tegne om ikkje augene fungerer.

At Don Rosa pensjonerer seg er sjølvsagt både synd, trist og leit, men det er desverre ikkje noko å gjere med det. Vi får berre hygge oss med dei seriane Don Rosa har laga, og takke høgare makter for den beslutninga Don Rosa eingong tok om å satse på tegneseriar framfor familiefirmaet.

  1. Snorre sier:

    Don Rosa er utvilsomt den kuleste Donald-tegneren!

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply