Laurdagsmoro
Det er laurdag, det er på tide å legge kvardagens bekymringar bak seg for ein kort periode, klistre på seg eit smil og ta alt med godt humør. For godt humør er viktig. Godt humør er langt å foretrekke framfor dårleg humør. Påde for andre og for seg sjøl. Men det gode humøret må jo komme frå ein plass. Derfor gjer vi det vi kan for det gode humørets sak.
Musikk er ein fin ting. Det er mange flinke folk innanfor populærmusikken. Men det er ikkje alle som stiller seg framfor ein mikrofon som eigentleg har noko serlig til stemme å skryte av. Rett nok er jo ikkje ei god stemme avgjernade for om musikken er bra eller ikkje, og ein person kan oppfatte deathmetallerens grawling som vel så vakker som tenorens song. Men her har ein iallefall dei 25 mest irritrande stemmene i populærmusikken:
Alle har vel leika med lego. Nokon sluttar med det i voksen alder, andre ikkje. Det er nok dei i den siste kategorien som har det mest moro.
Kjærleiken er vakker, og kva er vel større enn når to menneske lovar kvarandre evig kjærleik? Det er klar at slik ei spesiell anledning krever ein spesiell dans.
Til slutt ein kort tur innom idrettens verden. Det byrjar å nærme seg ski-VM, og i den anledning har vi funne fram eit av høgdepunkta frå forrige gong det var ski-VM, i Sapporo, Japan. Dette har rett nok ikkje så mykje med idrett å gjere, men det er likvel eit høgdepunkt.
God helg!







