Denne Alanzinho

Alle som meinte at dei burde meine noko om norsk fotball var i fjor haust einige om at årets speler, det var Alanzinho, det. Det vesle brasilianaren som til tider hadde spelt så fantastisk for seriemesterane Stabæk. At han var årets spelar kunne det ikkje være mykje tvil om. Men ein ting som er ved dette å ha ein spelar som spelar så godt som Alanzinho i stallen er det som Stabæk opplever no, at andre klubbar kan tenke seg å kjøpe den aktuelle spelaren, denne Alanzinho.

Stabæk er jo ein klubb som høyrer heime i Bærum. At Bærum er eit rikmannsstrøk er noko alle med ein viss oversikt over gjeldande fordommar og klisjear om folk og fe her til lands veit. Bærum er iallefall ikkje eit lavkostområde. Iallefall ikkje når det gjeld fotballspelarar. 50 millionar kroner er det Stabæk forlangar for å la Alanzinho gå til ein anna klubb.

Ein annan klubb er i dette tilfellet Trabzonspor frå Tyrkia. For dei flest fotballinntereserte nordmenn er Trabzonspor mest kjendt som klubben Rune Lange spelt i ei kort tid, før han fann ut at han ikkje likte seg der og flytta til Belgia. Ikkje fekk han betalt heller. Men no har dei tydlegvis pengar å bruke. 30 millionar skal dei ha bydd for Alanzinho. No Deal er altså svaret frå Stabæk. Dei skal altså ha 50 millionar. Så då er spørsmålet: Er Alanzinho verdt 50 millionar?

Tja. Ein kvar fotballspelar, eller ein kvar ting som kan kjøpast for pengar for den del, er verdt akkurat så mykje som nokon er villige til å betale. Er nokon villige til å betale 50 millionar så er han verdt 50 millionar, er det ikkje nokon som er villige til å betale denne summen, så er jan ikkje verdt femti millionar. Sånn er det med den saken.

For Stabæk sin del er atså saka grei: Om dei skal selge Alanzinho så skal dei ha såpass bra betalt at dei kan bruke pengane på å få på plass ein erstattar, som aller helst skal halde same nivå på bana, slik at eit salg ikkje blir ein altfor stor sportsleg nedtur. Og ein ønsker sjølvsagt å sitte at med ein god del pengar frå overgangen også etter at ein del av pengane er brukt på å få tak i ein eller flerie ersttatarar for den brasilianske driblefanten.

For Trabzonspor, og eventuelle andre kjøpelystne, så er det og eit enkelt reknestykke: Spelaren må tilsvare ei styrking av det spotslege som tilsvarar, eller allehelst overgår, det økonomiske utlegget. Fotball er bissniss.

Så det heile kokar ned til dette: 50 millionar er absurd mykje pengar. Men Stabæk er i sin fulle rett til å forlange denne prisen. Det er selgers marked. Om nokon ser seg råd til å betale denne prisen er eit anna spørsmål. Uansett vil Stabæk sitte at som vinnarar, enten dei endar opp med eit solid innskudd på bankkontoen sin eller med å behalde sin aller beste spelar også i 2009.

Leave a Reply