Hurra for Drillo!

Så er det altså klart, Egil Drillo Olsen tar over landslaget. Riktignok er det berre midlertidig, men likevel er det grunn til å juble for dette. Drillo kan vise til resultater med landslaget som ingen andre er i nærheten av. Han tok oss til to VM-sluttspel. Vi slo Brasil to gonger. Vi slo Egland. Vi var uslåelege på heimebane. Det var tider, det!

Men sjølvsagt er ikkje ansettelsen av trenaren frå gode gamle dager noko som gjer det sikkert at dei gode gamle dagane faktisk kjem tilbake. Det kan jo faktisk skje at dette ender med tidenes nedtur. Drillo har jo faktisk akkurat det same spelarmaterialet å velge i som Åge Hareide ikkje klarte å lede til ein einaste seier i 2008. Det er lite truleg at desse spelarane skal bli så utrulig mykje betre berre fordi det står ein annan person på sidelinja og fortel dei korleis dei skal spele.

Folk som er kritiske til Drillo seier han har gått ut på dato. At fotballen har forandra seg, og at Drillo som landlagsjef er eit steg i feil retning. Dette er sjølvsagt berre tøv. Fotballen har ikkje utvikla seg. Det er forsatt om  å gjere å score mål, og å unngå å sleppe inn mål det går ut på. Ingenting anna.

Problemet er spelarane. Det laget Drillo leda til suksess på nittitalet bestod hovedsaklig av den såkalla gyldne 69-årgangen. Lojale, hardtarbeidande spelarar med fornuftige sjølvbilder. I dag består nøkkelspelarane av typer med kvite fotballsko og skyhøgt hårgelebudsjett. Overbetalte og overvurderte. Etter den voldsomme opphausinga av den heimlege fotballen som vi har opplevd i kjølvatnet av TV2 si voldsomme fotballsatsing, består landslaget hovedsaklig av heimlege spelarar. Både spelaraen sjølv og store deler av media virkar å tru at å at nordmenn spelar godt i Norge er det same som at landslaget, beståande av desse spelarane, skal gjere det godt. Dei resultata landslaget har å vise til i det siste burde tilseie det motsatte. Myth Busted, som dei seier på TV.

Spelarane må klare å legge fordomane dei har mot Drillo sin fotball til side, og skjønne at dei som kritiserar denne for å være anti-fotball, destruktiv eller steinalderfotball er tullingar. Eller dansker. Pokker heller, når det gjeld fotball har dei to orda akkurat same betydning. Media burde halde seg for gode til å nøre opp under fordommane om Drillo og heller innsjå at Drillostilne består av meir enn Flo-pasninga. Ein kvar trenar si hovedoppgave er å få laget sitt til å vinne. Det gjer trenaren ved å vurdere det mannskapet han har tilgjengeleg, og legge opp spelet etter korleis dette manskapet kan fungere best mulig på ei fotballbane.

Drillo er ein trenar som tenker slik. Slik situasjonen er var Drillo den beste trenaren vi kunne få. Om spelarane har vett nok til å skjønne at må spele for å vinne, ikkje for å blidgjere tullingane i sportsredaksjonane og diskusjonforuma på internett, så er dette berre nødt til å bli bra.

Leave a Reply