Looking for Freedom

Som David Hasselhoff så vakkert syng det. Vi leitar vel alle etter frihet. Still it can’t be found, syng Hasselhoff. For det er ikkje alltid frihet er å finne. Den amerikanske organisasjonen Freedom House sin årlege rapport freedom in the world viser dette. Friheten er faktisk på retur i heile verden.

Freedom House er altså ein amerikansk organisasjon. Dei får ein god del av pengane sine over det amerikanske stastbudsjettet, og kan derfor ikkje beskyldast for å være 100 % upartiske når dei skal bestemme kven som er frie og kven som er ufrie rundt omkring. Men likevel, dei er ein av verdas mest anerkjendte på dette området.

Freedom House vart grunnlagt i 1941 i New York. Organisasjonen såg på spreiing av demokrati som det beste forsvaret mot totalitære ideologiar som nazismen og seinare kommunismen. Freedom House har derfor sett på det som si oppgave å arbeide for demoktrati og frihet i verda. Rapporten Freedom in the World kom ut første gongen i 1973.

I rapporten blir alle verdens land undersøkt og rangert på ein skala frå ein til sju innanfor to områder; poltiske og sivile rettar. Ei rating på 1 vil tilseie maksimal grad av politiske og sivile rettar, og ei rating på 7 vil tilseie ein minimal grad av desse rettane. På bakgrunn av kva det enkelte landet scorar på desse to ratingane blir landet klassifisert som fritt, delvis fritt eller ufritt.

Men så var det spørsmålet som mange stiller seg, korleis ser ein om eit land er fritt? Korleis ser ein om eit land er demokratisk? Det er gode spørsmål. Kva demokrati er for noko får ein forskjellige svar på av alle ein spør. Freedom House har fått kritikk for å ha ein alt for maksimalistisk definisjon av demokratibegrepet. I sin framgangsmåte for å bedømme eit land som fritt eller ufritt brukar Freedom House så mange som henholdsvis ni og tretten faktorar for politiske og sivile rettar, noko som gjer dette til lite meir enn ei sjekkliste av, la oss kalle det “demokratiske verdiar”,  i mangel av ei betre beskriving. Med så mange faktorar å ta hensyn til kan det godt være rom for å hevde at irrelevante hensyn spelar inn på forskjellige land si endelge rating.

Men trass i slike innvendingar kan ein ikkje avfeie det Freedom House legg fram. Etter Freedom House sine definisjonar lever i dag 34 % av verdas befolkning i land som blir karakterisert som ufrie. Under halvparten av verdas befolkning lev i frie land. Fleirtalet av jordas befolkning lever altså i land som ikkje blir karrakterisert som frie. Heile åtte land har lavast mulig ratingfor både sivile og politiske rettar. 34 land opplevde fall i graden av frihet, berre i 14 land kunne ein registrer ei auke.

Det er altså skumle utsikter. Verda er langt frå så fri og demokratiske som ein gjerne skulle tru. Og når trenden heller ikkje perikar i positiv retning, kan ein jo bli alvorlig bekymra for korleis dette kjem til å ende.

  1. Elling Scott sier:

    Ja, og norske sosialistsvin og kristenjævler har tatt verdens eldste frihet fra den norske mannen. Tror de. Nordmenn misunner ikke lenger svenskene særlig mye, verken Volvo eller Saab, bare Olof Palme og Anna Lindh.

  2. Alexander sier:

    Elling Scott: Leste vi det samme innlegget vi to?

    Anbefaler denne til deg: http://denukentlige.com/2009/01/12/netthater/

    Prøv å les den før du kommenterer den.

  3. Elling Scott sier:

    Alexander, nå kan jeg skrive profilen din… :-)

  4. Alexander sier:

    Elling Scott: Du kan hva for noe?

  5. Elling Scott sier:

    Forresten, Alexander, kanskje du har hørt om “blekkflekktester”…
    :-) :

    http://www.bt.no/bergenpuls/litteratur/article355665.ece

  6. Elling Scott sier:

    Og Alexander, du må ha en fin kveld! :-) Jeg er glad for at jeg ikke lenger er i landet ditt. Jeg befinner meg i Sentral-Europa. Det er kaldt her også. Men en annen slags kulde…

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply