Netthater

Ein netthater er ikkje ein som hater nettet, sjølv om ordet i ein rein logisk og fornuftig tolkning kanskje helst skulle ha betydd akkurat det. Men no er jo dette ordet faktisk henta frå Dagbladet, og der kan ein jo leite lenge etter logikk og fornuft utan å finne noko som liknar eingong. Ein netthatar er ein som hatar på nettet. Eg reknar med ordet kjem av det amerikanarane kallar haters (eller haterz om ein er ganztah).

Det som er saka er at ho Tina Fey klagar over anonym netthets. Folk som driv å hatar ho på nettet. Fey er ho som blei kjent etter at folk oppdaga at ho var flink til å parodiere Sarah Palin, republikanarane sin visepresidentkandidat ved valet i fjor haust, og nybakt besemor. Gratulerer, forresten!

I ettertid har Palin sagt at ho ikkje synst det var noko særlig å bli parodiert, men det er likevel vanskeleg å få alt for mykje sympati med Palin i denne saka, både fordi såpass profilerte personar bør tåle såpass, og fordi det ville være politisk ukorrekt: Alle veit jo at republikanarar er onde, fæle, dumme mennesker som er skyld i alt som er gale her i verden.

På same måte er det vanskelig å ha så mykje sympati med Tina Fey. Når ein er såpass profilert er det ikkje til å unngå at enkelte reagerer negativt. Og i internettets tidsalder er negative reaksjonar noko ein kan kaste fritt rundt seg for eit stort publikum, heilt anonymt. Men berre det at ein har mulightene til det er sjølvsagt ikkje noko unnskyldning til å være ufin. Her på DU opererer vi slik at kven som helst kan legge igjen ein kommentar anonymt, og i enkelte saker kan det føre til at temperaturen blir svært høg blandt dei som tar seg tid til å kommentere oss.

Anonymiteten internett fører med seg er altså ikkje berre eit gode. At ein kan skjule seg bak eit anonymt navn gjer at ein kan ta sterkare i, og seie kva ein eigentleg meinar, utan å måtte ta omsynt til kva slags sosiale konsekvensar det ville ha fått om ein skulle seie det same med fullt navn. Nettet er og ein stad alle kan slippe til, med like muligheter or alle til å få fram meiningane sine. På den andre sida er anonymiteten ein invitasjon for enkelte til å spy ut hatefulle, rasistiske og direkte hjernedøde kommentarer, som sjølvsagt kan virke svært sårande om dei dreier seg om enkeltpersonar slik tilfellet er med Tina Fey.

Det heile koker altså ned til to ting: Anonymitet opphever ikkje kravet om at ein må kunne vise eit minimum av folkeskikk, og det at ein har mulighet til å seie meininga si på nettet er på ingen måte med på å gjere det nødvendig å offentliggjere meiningane sine.

  1. Knivar sier:

    Nynorsk? Nei alvorlig talt. Klikket meg inn for å lese hva du skrev om ting, men når jeg så at det var skrevet på grautmål, ble det med de første 4 setningene. God bedring.

  2. Alexander sier:

    Knivar: Hadde du tatt deg tid til å lese dette vidunderlige skriftspråket så hadde du jo faktisk funnet ut at dette innlegget handlet om deg!

  3. eilif sier:

    “Knivar” kan si slike ting, ettersom han – som flertallet rundt her – gjemmer seg bak et “nick”.

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply