Aldri så gale at det ikkje kan bli verre?
Husker du Melodi Grand Prix i fjor? Den europeiske finalen? Husker du då at det plutselig sto ein gjeng latviarar på scena, kledd i piratkostymer? For det gjorde faktisk det. Pirates of the Sea kalla dei seg. Songen dei framførte hette Wolves of the Sea. Det ville være løgn å seie at våre latviske venner var noko flinke til å synge. Det ville være nesten i overkant snilt å kalle den lett hjelpelause måten dei virra rundt på scena på for noko form for koreografert dans.
Ein kan seie det heile var fanastisk. Fantastisk dårleg. Men fantastisk dårleg er jo og ein form for fantastisk. Latvia skal for øvrig ikkje være med i årets utgåve av MGP. Dei skuldar på budsjettkutt, men grunnen må å sjølvsagt være kollektiv skamkjensle etter å ha dumma seg ut i fjor. Anyways, under her kan du sjå herligheten.
Jo, grunne til at vi la ut dette her er jo ikkje berre for moro skuld. Eller, jo det er sjølvsagt det, men sjølve grunnen til at det er more finn du ut om du les vidare. For bort i Skottland finnst det ein gjeng som kallar seg Alestorm. Artig navn. Alestorm er eit band som spelar det dei sjølv kallar True Scottish Pirate Metal. Så det seier seg jo sjølv at ein slik song som dette måtte då være midt i blinken for våre skotske venner. Sjølvsagt var det det. Skottane spelte songen inn dei, og gav den ut på plate.
Så kvifor ikkje starte veka med litt ekte skotsk pirat-metall? Enjoy!







